Hopp til innhold

Innbrot på Kleppe skule

Ein tilsett ved Kleppe skule oppdaga i dag tidleg at ytterdøra var broten opp. Tjuvar har fått med seg pengar og ein iPad.

Kleppe skule

Det var litt over klokka åtte sundags morgon at politiet fekk melding om eit innbrot på Kleppe skule.

Det var ein tilsett ved skulen som varsla politiet.

– Ytterdøra og fleire dører inne på skulen er brotne opp, seier operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen.

Tjuvane skal ha fått med seg mindre pengebeløp og ein iPad.

Politiet er no på staden og gjer undersøkingar.

– Me veit førebels ikkje kven som står bak, seier Bjørnsen.