Innbrot i Hå

Politiet har fått melding om to innbrot, på to ulike stader i Hå. På Vigrestad er det meldt om eit grovt tjuveri, som skal ha skjedd i løpet av helga. Eit vindauge er knust, men politiet har så langt ikkje oversikt over kva som er stole. På Varhaug er det meldt om grovt tjuveri frå ein leilegheit. Gjerningspersonane har teke seg inn gjennom soveromsvindauget. Politiet gjer undersøkingar på staden.

Flere nyheter fra Rogaland