Hopp til innhold

Innbrot i same butikk to netter på rad

Expert-butikken i Langgata i Sandnes har hatt besøk av tjuvar to netter på rad.

Expert, Langgata

Tjuvane som forsøkte å gjera innbrot i Expert-butikken i Langgata i Sandnes natt til laurdag, fekk ingenting med seg.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Natt til laurdag gjekk innbruddsalarmen for andre gong på to netter hos Expert-butikken i Langgata. Ei rute inn til butiiken var knust, og nokon hadde vore inne i lokalet for å forsøka å forsyna seg med varer.

22-åring pågripen for innbrotet

Dør Expert, Langgata

Tjuvane tok seg inn i butikken ved å knuse ei dør i bakgarden til butikken.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Inne i butikken fann politiet ein bag, noko som seinare førte til at ein 22 år gammal mann blei pågripen like ved.

Den same mannen blei også pågripen for innbrot i same butikken natt til fredag. Då blei det stole elektro-varer for store beløp i butikken, ifølge politiet.

– Det er veldig ubehageleg at dette skjer to gonger på så kort tid. Me føler oss usikre på jobb, seier avdelingsleiar ved Expert-butikken i Langgata, Kjell Einar Jekteberg.

Sett i arresten

Fredag blei totalt fire personar arresterte i samband med det første Expert-innbrotet og fleire andre bustadinnbrot i Sandnes same natt. Det blei også gjort beslag i store mengder tjuvgods.

22-åringen som blei tatt for innbrotet natt til laurdag, er sett i arresten og politiet har oppretta sak.

Det blei ikkje stole varer under innbrotsforsøket natt til laurdag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.