NRK Meny
Normal

Ingenting er avgjort

-Dette er ein del av ein gjennomgang av forsvaret for å endra leiing-og kommandostrukturen.  -Men ingenting er avgjort om flytting av Nato sitt hovedkontor på Jåtta.  Det seier forsvarsministeren.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen er ikkje glad for  spekulasjonar om det Fellesoperative hovedkvarteret på Jåttå kan bli flytta til Reitan utafor Bodø.

- Men dette var varsla i Statsbudsjettet for 2007.  Der blei det sagt at resultatet av ein gjennomgang av forsvaret skulle vera klart i løpet av dette året, seier Strøm-Erichsen.

Forsvarsministeren seier at det har vore ein stor gjennomgang og omstrukturering i forsvaret dei siste åra.

- Nå skal me sjå om leiing-og kommandostrukturen er slik den skal vera, seier ho.

Dagens situasjon

I dag er det to operative hovedkvarter på Jåttå i Stavanger og på Reitan ved Bodø.  I tillegg er leiinga plassert i Oslo. 

- Saman med Forsvarsstaben og Forsvarsdepartementet skal nå alt vurderast og endrast slik at det passar det slanka forsvaret me har i dag, seier Strøm-Erichsen.