Hopp til innhold

Heile kommunestyregruppa til KrF gjer seg i Time

Ordføraren og dei andre fire i kommunestyregruppa til KrF gjer seg i Time kommune. To av dei oppgjer ideologi som hovudgrunnen.

Arnfinn Vigrestad

Ordførar i Time, Arnfinn Vigrestad, seier nei til attval.

Foto: KrF, Olav Eggebø Aanonsen

Alle kommunestyrerepresentantane til Kristeleg folkeparti i Time kommune gjer seg med lokalpolitikk etter valet neste år skriv Jærbladet.

Blant dei fem som seier takk for seg er ordførar Arnfinn Vigrestad han har samanhengande vore med i kommunestyret i 28 år.

Uro i KrF

I følgje Vigrestad har ikkje dette noko med uroa som har vore i partiet i det siste å gjera.

– Eg tok denne avgjersla saman med familien min etter førre val, så dette har vore planen lenge, seier ordføraren til avisa.

Likevel seier to av dei som trekk seg at den liberale utviklinga til KrF og stor avstand frå partiet sentralt til grasrota er årsaka til at dei gjer seg.

Ei av desse er Margit Hundemo:

– Strategiutvalet og sentralstyret i KrF har endra vedkjenningsparagrafen. For meg er dette svært vanskeleg å stø opp om, då eg ikkje ser at det ein nemner som andre «trusretningar og religionar» kan stille seg bak Bibelen og dei ti boda, uttaler Hunemo til Jærbladet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.