Ingen tatt etter knivstikking

Politiet jaktar framleis ein mann i 50-åra etter det som truleg var knivstikking i Sandnes seint i går kveld. Dei har søkt etter mannen i heile natt med alle tilgjengelege ressursar. – Vi held fram med same innsats i dag, seier påtaleansvarleg Halvor Mathias Haver Elde. Politiet trur ikkje han kan vere til fare for andre. Ein skada mann i 40-åra er på sjukehus med det som truleg er lettare skader. Dei to er begge kjende for politiet frå før. Dei har ein relasjon, men er ikkje i familie.