Ingen krise likevel?

Rådmannen i Stavanger viser til 100-millionar i underskott i fjor og momsrekning på 250 millionar i år. Men eit klart fleirtal i formannskapet vil bruke både to og tresifra millionbeløp ekstra på tomtekjøp, for å få ny Storhaug-skule på rett plass.

Politikerne vil finne skoletomt på Urban sjøfront

Politikarane vil finne skoletomt på området som kallast Urban sjøfront i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Atle Simonsen i Frp ser verkeleg for seg at tomteprisane i Urban sjøfront på Storhaug kjem til å gå i taket. Han meiner at ei skuletomt kan kosta opptil 200 millionar kroner. Dette er ein pengebruk han ikkje forstår at resten av politikarane kan stille seg bak.

Atle Simonsen

Atle Simonsen sit i formannskapet i Stavanger for Frp, og er kritisk til pengebruken, som fleirtalet legg opp til.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det er eit bakteppe at fleirtalet vil bruke 100 til 200 millionar kroner på å kjøpe ei tomt, når dei kan bruka dei pengane på heilt andre ting. I alle fall i den økonomiske situasjonen me er i nå, er dette uforståeleg, seier Simonsen.

Han minner om Frp sitt forslag, som er å byggje ny skule på Midjord. Det er i tilfelle på ei tomt som kommunen alt eig, og som ikkje kostar noko særleg anna i tillegg enn opparbeiding.

Brodd-tilskuere

Frp vil bygge den nye skulen på Midjord like bak Brodd sin fotballbane.

Foto: Håvard Tanche-Olsen Knutsen / NRK

Rådmannen snakkar om Robek

Litt tidlegare i formannskapsmøtet hadde rådmann Inger Østensjø gjort greie for den vanskelege økonomiske situasjonen Stavanger er i, og lagt fram sitt forslag til kva investeringar som måtte kuttast for at ikkje økonomien skulle kom heilt på avvegar. Stavanger kunne risikera å ende opp på lista over kommunar som ikkje får lov til å ta opp nye lån, Robeklista, sa ho og peika på:

Rådmann Inger Østensjø

Rådmann i Stavanger, Inger Østensjø, åtvarar politikarane om at økonomien i kommunen går feil veg.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK
  • Underskottet i Stavanger i 2014 var på 106 millionar kroner.
  • Alle reservefond er brukte opp på å dekka dette underskottet.
  • Skatteinntektene viser ein negativ tendens.
  • Stavanger fekk nettopp ein momsrekning på 256 millionar kroner, etter bygging av konserthus.

Tar omsyn til bydelsutvalet

– Nå er det ofte slik at dei som er imot eit alternativ prøver å gjera det dei er imot dyrast mogeleg.

John Peter Hernes

Høgre sin gruppeleiar John Peter Hernes meiner at bydelsutvalet i Storhaug si meining bør telja mest.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Slik svarar Høgre sin gruppeleiar, John Peter Hernes, på utfordringa frå Frp og Atle Simonsen. Han seier også at i ein så tettbygd by som Stavanger, så vil det i tida framover bli kostbart å plassera skular og barnehagar. Men hovudårsaka til at Høgre sine representantar går inn for noko som kan koste mange millionar kroner ekstra er at dei høyrer på gode råd, seier Hernes:

– Ikkje minst så skuldast det at eit samrøystes bydelsutval har sagt at dei dessverre synest at Midjord-alternativet var så dårleg til å kombinera skule og idrett, at dei gjekk for Urban sjøfront-alternativet, samrøystes.

Heller ikkje Ap er uroa

– Me skal hugse på at eit skulebygg er ein langsiktig investering og at nokre av dei eldste bygg me har i byen, er skular.

Det seier Arnt Heikki Steinbakk, som er Ap sin talsmann i skulesaker.

– Sett i eit langsiktig perspektiv er me ikkje redde for dei kostnadane me tar på oss i denne saka, seier han.