Hopp til innhold

Fryktar liv må gå tapt før noko blir gjort med ulukkesovergangen

Jernbaneverket vil utbetra overgangen der Trygve Sleveland var tidelar frå å bli kvesta av toget mellom Helleland og Egersund i går. Men dersom kommunen ikkje vil vera med på eit spleiselag, blir ingenting gjort.

Jernbaneverket vil utbetra overgangen der Trygve Sleveland var tidelar frå å bli kvesta av toget mellom Helleland og Egersund i går. Men dersom kommunen ikkje vil vera med på eit spleiselag, blir ingenting gjort.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Trygve Sleveland (t.v.) og ordførar Leir Erik Egaas på planovergangen der Sleveland nesten mista livet tysdag.

– Hadde eg vore eitt lite sekund tidlegare, så hadde eg hamna under toget. Eg har tenkt mykje på det.

Trygve Sleveland er tilbake på planovergangen på Sørlandsbana mellom Helleland og Egersund. Flaks gjer at han er uskadd, men det kunne gått veldig, veldig gale.

Trygve Sleveland
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg kom heimanfrå, og som vanleg så ser eg først på lyset, som var kvitt, og så tok eg eit kjapt blikk til høgre og venstre.

Men toget kom likevel. Heldigvis trefte han sida på toget, og ikkje fronten, noko som truleg berga livet hans.

– Eg skjøna ikkje heilt kva som hadde skjedd. Eg forstod eg var i live og at det ikkje var ein draum. Det var mykje røyk i bilen, og eg kom meg ut. Folk kom springande til og spurte korleis det gjekk, og eg sa at eg var i live, seier han.

– Inga utbetring utan spleiselag

Linda Haugland

LINDA HAUGLAND: Banesjef for Sørlandsbana.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han brukar planovergangen dagleg, ein overgang det i lang tid har vore snakk om å utbetra. Jarnbaneverket vil leggja ned fire planovergangar i området, og heller byggja ei bru over togskjenene, noko dei reknar med vil kosta om lag 20 millionar kroner. Men ingenting er blitt gjort, og det ser ikkje ut til at det blir gjort noko med det første, sjølv om eit menneskeliv nesten gjekk tapt tysdag.

– Jarnbaneverket har ingen moglegheit til å finansiera dette åleine. Dersom Eigersund kommune vil vera med på eit spleiselag så er me klare, men me har ingen moglegheit til å betala dette sjølv, seier Linda Haugland, Jernbaneverket sin banesjef for Sørlandsbana.

Men formannskapet i kommunen vil ikkje vera med på eit spleiselag.

– Det er Jernbaneverket som er ansvarlege for tryggleiken, og det er dei som må stå for utbygging og sikring av planovergangar. Dei har invitert kommunen til å vera med, men kostnaden for kommunen sin del blir så stor at formannskapet ikkje ville gå for den løysinga. Dei var ganske klare på at dette må jarnbaneverket ordna opp i sjølv, seier ordførar Leif Erik Egaas (H)

(Artikkelen held fram under biletet)

Linda Haugland

VIL HA SPLEISELAG: Linda Haugland ser bilete frå overgangen der ulukka skjedde tysdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fryktar liv må gå tapt før det blir gjort noko

Dermed spelar dei ballen att og fram mellom kvarandre, medan folk framleis er nøydde til å bruka overgangen.

– Dette er ein av dei farlegaste overgangane som på Sørlandsbana, vil eg tru, og at det ikkje er blitt gjort noko er skamfullt. At det kanskje må gå liv før noko blir gjort ... Det er heilt feil, så langt skal me ikkje vera nøydde å gå i dag, seier Egaas.

– Men det er jo ein kommunal veg?

– Ja, vegen skal me ta sjølv, men akkurat planovergangen må Jernbaneverket ta ansvar for, seier han.

Togtrafikken vart stengt i to timar på Sørlandsbana etter ulukka. Naboar har frykta at det må dødsulukker til før noko blir gjort.

– Eg håpar at det ikkje treng å skje noko endå verre før det blir gjort noko her, seier Sleveland.

Signalanlegget er undersøkt

Haugland håpar dei snart finn ei løysing.

– Må liv gå tapt før noko skjer?

– Det håpar eg ikkje. Overgangen er sikra med lys og lyd, seier Haugland.

– Korleis kunne dette skje?

– Det veit eg ikkje. Signalanlegget er kontrollert og trafikken går som normalt i dag. Det er stort fokus på å få lagt ned planovergangar, avsluttar ho.

Flere nyheter fra Rogaland