Hopp til innhold

Naboar, ikkje nettroll, på asyl-folkemøte

Rundt 70 møtte opp då Hero heldt informasjonsmøte om hotellet som skal bli asylmottak i Stavanger. Fleirtalet var mest opptekne av korleis dei kan hjelpa dei som kjem.

Tor Brekke i Hero på folkemøte om asylsøkere på Hotel Alstor, Stavanger

Om lag 70 naboar, hotelltilsette og representantar frå Stavanger kommune var samla på Hotel Alstor i Stavanger. 16. november kjem 250 asylsøkarar til hotellet. Tor Brekke i Hero Norge bakarst.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kjell Konstali, rektor på Solborg Folkehøgskole

Kjell Konstali, rektor på Solborg Folkehøgskule.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg har to spørsmål: Korleis blir det med tryggleiken, både for oss og dei? Og korleis kan me bidra?

I sine to spørsmål summerte eigentleg Kjell Konstali, rektor ved Solborg folkehøgskule på Tjensvoll, stemninga under informasjonsmøtet på Hotel Alstor torsdag kveld.

16. november kjem opp mot 250 asylsøkjarar til hotellet i Stavanger. I utgangspunktet skal hotellet brukast i to månader. Hero Norge, som skal drifta mottaket, har i tillegg moglegheita til forlengja i to månader til.

– Bra at folk er litt uroa

Tor Brekke, administrerande direktør i Hero, opna møtet. Til dei frammøtte sa han at han forstår om folk blir sjokkerte og uroa over plutseleg å få eit asylmottak i nabolaget. Han fekk spørsmål om tryggleik, brannar i Sverige og erfaringar med asylmottak i tettbygde nabolag, men ei mild stemning herska likevel i konferansesalen.

Tor Brekke, administrerende direktør i Hero

Tor Brekke er administrerande direktør i Hero Norge, som skal drifta asylmottaket på Hotel Alstor i Stavanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me skal ta tryggleiken på alvor for alle. Både for naboane, men også dei som skal bu på mottaket, seier Brekke.

Nettrolla heldt seg heime i kveld. Berre naboane hadde møtt opp.

– Det gjekk veldig bra, og som forventa var veldig mykje positivt. Eg er også glad for at det kjem bekymringar, slik at me får moglegheita til å svara. Det er viktig at folk får sagt frå, seier Brekke.

– Folk vil bidra, kor viktig er det?

– Det gjer det mogleg å spela på lokale krefter og lokalsamfunnet, slik at bebuarane kjem i aktivitet. Då får dei ein meir normal livssituasjon, der dei også får møta naboar og bli kjende med nordmenn.

– Kom innom og ta ein kaffikopp med dei. Gjer slik du ville gjort med nye naboar, seier Brekke.

Rotnar ved rota om ein sit inne

Ein av dei næraste naboane til hotellet er Solborg Folkehøgskule. Rektor Kjell Konstali var klar på at dei ønskjer å bidra til å gjera tida på mottaket betre for asylsøkjarane.

– Folkehøgskulane i Norge har sagt at dei vil bidra med å leggja til rette for aktivitetstilbod, knyta kontaktar og bidra positivt. Me kan bidra med sport, aktivitetstilbod, musikklinje, kreative linjer, det kan vera snakk om mat og kultur, seier rektoren.

Folkemøte om asylsøkere på Hotel Alstor, Stavanger

Allereie 20 minutt før møtet starta, kom folk til konferansesalen på Alstor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Geir Ertzgaard

Geir Ertzgaard, lærar ved Solborg Folkehøgskule.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Fotballkamp, volleyballkamp og slike ting. Me veit frå internatet vårt at det å bli sitjande stille kan vera vanskeleg, utdjupar rådgjevar og lærar Geir Ertzgaard.

– Kor viktig er det at dei kjem seg ut og får møta folk?

– Heilt nødvending. Det er nett som i militæret, med brakkesjuke: Har du ein institusjon du blir sitjande fast på, så rotnar du ved rota, seier Ertzgaard.