NRK Meny

Ingen er sikta

Politiet i Lund har førebels ikkje funne svaret på kva som skjedde med 16-åringen, som i går vart funnen omkomen i Lundevatnet. 16-åringen blei sist sett i live ved totida natt til søndag, då han blei sluppen av på ein rasteplass ved E39 på fylkesgrensen mellom Rogaland og Vest-Agder. Han vart funnen omkomen i vatnet like ved, på føremiddagen i går. Fleire har blitt avhøyrde, men ingen har status som sikta, fortel lensmann i Lund, Stig Arild Bringedal.