Hopp til innhold

Ingen bomstasjon på skulevegen

Ordførarane på Jæren vil ikkje at nye bomstasjonar skal splitta opp skulekrinsar. – Det er viktigare at dei kan køyra gratis til skulane, enn at dei kan køyra gratis til rådhuset, seier ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H).

Bomstasjon

Planen er at dei nye bomstasjonane på Jæren skal opp i 2018.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Planlegginga av den neste bompakka på Jæren er i full gang, og i dag blei jærordførarane orienterte om framgangen av samferdselssjefen i fylket, Statens vegvesen og fylkesordføraren. Plassering av bommane var eitt av fleire tema som kom opp.

– Me må ta omsyn til bygdene, og me må ta spesielt omsyn til skulekrinsar, det er ein viktig del av gratisprinsippet at dei ikkje skal krysse bom til skulevegen, seier ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H), som blei høyrd og fekk lovnad frå vegstellet om at dei skulle ta dette prinsippet med seg vidare i prosessen.

Ordførarane på Jæren

Ordførar i Time, Reinert Kverneland (f.v.), saman med ordførar Mons Skrettingland i Hå og Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese under dagens møte hos Rogaland fylkeskommune.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Heller skule enn rådhus

For Klepp sin del blir det snakk om å flytta den eksisterande bommen på Kåsen litt lengre nord. Dette er ein god ide, meiner ho, trass i at det betyr ein ny bomstasjon på Lalandvegen og at folk på Kåsen må kryssa bomstasjonen for å koma til rådhuset.

– Det er viktigare at dei kan køyra gratis til skulane, enn at dei kan køyra gratis til rådhuset. Mange av tenestene våre er digitale, så det er ikkje like viktig å koma seg til rådhuset lenger. Når det kjem til Lalandvegen er det ingen god ide og føra meir trafikk inn på denne vegen, så derfor kan ei løysing vera ny bomstasjon der eller stenging av vegen, seier Braut Nese.

Det står mykje att før kommunane skal ta stilling til bompakka i haust like før valet. Viktigast er det nok å få på bordet kva inntektsgrunnlag bommane vil ha, og kva prosjekta dei skal finansiera vil kosta.

– Det er nok utfordringar å ta fatt i, men me har ein konstruktiv dialog og skal nok koma fram til gode løysingar, seier samferdselssjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling.

Gottfried Heinzerling

Samferdselssjef i Rogaland, Gottfried Heinzerling.

Foto: Mathias Oppedal / NRK