Det blir ikkje bomring i Dalane. Styringsgruppa for transportplanen for Dalane vil ikkje gå vidare med planane etter at to kommunar har sagt klart nei til bomring. Dermed må Dalane rekne med at det vil ta tid å få bygd nye vegar seier leiar i styringsgruppa, Eirin Sund frå Arbeiderpartiet.
For første gong på lenge vert forslag om finansiering med bompengar stoppa her i fylket. Nord-Jæren har fått sine bommar, Haugalandet kjem snart etter. Men både Bjerkreim og Lund seier klart nei i Dalane. Dermed vert det ingen bom slik Eigersund og ordførar John Skaara ville utgreie. Eirin Sund forstår at dei politikerane som har jobba for utgreing om bompengar må vera skuffa.
Eit alternativ kunne vere bomring rundt Eigersund, men ordførar Skaara trur eigentleg det er ei tapt sak. Han vedgår at Dalane no må stille eit stykke bak i køen for å få veimidler.