Hopp til innhold

– Fire personar var fastklemde. Det var forferdeleg

Lastebilsjåfør Ingar Kvia skulle ned til Haydom sjukehus i Tanzania med ei norsk pengegåve. Plutseleg blei han sentral i ein dramatisk redningsaksjon.

Haydom-ulukke

Ein lastebil med armeringsjern velta. Fleire personar blei klemde fast under lasta.

Klokka halv to natt til sist sundag vakna Ingar Kvia brått av hamring på døra si på området til Haydom Lutheran Hospital i Tanzania.

– Dei ropte at eg måtte koma, for det var ein lastebil som hadde velta like utanfor, fortel Kvia på telefon frå Afrika.

Ingar Kvia på sjukehuset i Tanzania

Lastebilsjåfør Ingar Kvia har samla inn mykje pengar på Jæren til Haydom Lutheran Hospital og garden dei driv.

Har samla inn millionar til utstyr

Lastebilsjåføren frå Jæren er i Haydom for å bruka 1,2 millionar kroner, som han har samla inn i Noreg.

I løpet av ti år har han samla inn om lag ti millionar kroner til sjukehuset og ein svær gard som sjukehuset driftar. Store delar av pengane har gått til anleggsmaskinar som kan sikra god drift av sjukehusgarden.

Denne natta skal sjukehuset verkeleg få bruk for utstyr han tidlegare har kjøpt inn.

Lastebilen som hadde velta var lasta med armeringsjern. Det var personar oppå lasta då bilen velta.

– Fire personar var fastklemde under armeringsjernet. Det var forferdeleg, fortel Kvia.

Berga livet til 20-åring

Dei fekk rykka ut med to sjukebilar og ein lastebil med kran, som Ingar Kvia tidlegare har kjøpt inn.

– Ein mann i 20-åra låg med brystkassa utanfor og føtene under. Me tok på krana og løfta litt og litt, me la stein under slik han skulle få meir pusterom, fortel Kvia.

Samstundes kom det folk frå sjukehuset og gav han intravenøst og smertestillande.

– Dei sa det var bra at han skreik, for då var det håp, fortel Kvia som blei oppskaka av hendinga.

Dei klarte til slutt å få mannen ut, og opp på sjukehuset.

Dei tre andre personane klarte dei ikkje å berga. Desse døydde under lasta, og Ingar Kvia var den som køyrde kroppane opp til likhuset på sjukehuset.

Utsett vegstrekk

– Det var ei veldig tøff oppleving. Det er det mest dramatiske eg har vore med på, seier Kvia.

Likevel meiner han det er oppløftande å oppleva kor viktig arbeidet til sjukehuset er, og kor viktig det her var at dei hadde tilgang på godt utstyr.

Noko også direktøren for sjukehuset med ein kapasitet på 400 pasientar, doktor Pascal Ndoye, er samd i.

– Det skjer ofte trafikkulukker her i området, og me har ikkje ei teneste me kan ringe for omgåande hjelp. Me må ofte ut med maskinane våre for å hjelpa til når det er trafikkulukker her, fortel Ndoye.

Han viser til ei bussulukke som skjedde i fjor på same stad. Då var det to som omkom. Bussen måtte slepast ut frå ei bru som han sat fast under.

Kan framleis ikkje gå

Sjølv om også denne ulukka ende tragisk, så ser det ut til at 20-åringen som blei berga skal klara seg greitt.

– Eg snakka med han sist i dag. Han kan framleis ikkje gå, men det er nok ikkje lenge til han klarer det. Då kan han sendast heim, seier Ndoye.

Ingar Kvia arrangerer auksjon på Jæren for å få inn pengar til Haydom Lutheran Hospital.

Her er eit TV-innslag frå våren 2021, då Ingar Kvia arrangerte auksjon til inntekt til sjukehuset i Haydom.