Hopp til innhold

– Vi veit ikkje kvar målaren skal stå

Denne sesongen kan ikkje Norges Astma- og Allergiforbund gi nøyaktige målingar av bjørkepollen på Nord-Jæren. Avinor vil ikkje lenger drifte målaren, mens kommunen er usikker på kven som skal ta seg av drifta.

Sokkelen til pollenfellen på Sola lufthavn

TOMT: Her stod pollenfella tidlegare. Den vert tatt inn for vinteren kvart år, men fekk dessverre ikkje komma ut att denne sesongen.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

– Me klarar ikkje å finne ein ny plass å ha denne pollenfella.

Hildur Østbø, regionssekretær Norges Astma- og Allergiforbund, Region Vest

UTOLMODIG: Hildur Østbø, regionssekretær for Norges Astma- og Allergiforbund, tykkjer Stavanger kommune somlar med saka.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

Hildur Østbø er fortvila. Ho er regionssekretær i Region Vest i Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF), og sidan i fjor har forbundet vore litt i villreie. Avinor kunne ikkje lenger drifte pollenfella, og NAAF har endå ikkje funne nokon som er villige til å ta over.

– Det er jo eit stort tilbakeslag for dei som bur i Rogaland. Per no består ikkje pollenvarslinga av skikkelege fakta, berre gjetningar. Drifta av målaren er basert på dugnadsarbeid og velvilje, det ligg jo ikkje mykje pengar her.

Ei av pollenfellene til Norges Astma- og Allergiforbund

IKKJE I BRUK: Her står pollenfella lagra i driftsbygninga til Avinor på Stavanger lufthavn, Sola.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

Kan ikkje overførast digitalt

Pollenfella er ein mekanisk innretning som slepp litt og litt pollen på eit klebrig prøveglas i løpet av 24 timar.

Måleinstrumentet i ei pollenfelle

MEKANISK: Teknologien er komen langt, men endå ikkje så langt at pollenet kan analyserast i pollenfella og sendast digitalt til forskarane på NTNU.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

Dette prøveglaset må takast ut på eit gitt tidspunkt ein gong i døgeret, sju dagar i veka, og sendast inn til to forskarar i Trondheim som undersøker pollenet. Dei vil då vere i stand til å gi eit ganske nøyaktig pollenvarsel for regionen, i tillegg til at det vert ført statistikk på forskjellige typar pollen.

Dei siste ti åra har pollenfella stått på flyplassen på Sola, men etter førre sesong måtte Avinor melde frå til Allergiforbundet at dei ikkje lenger kunne ha ansvaret for å skifte prøveglasa.

Morten Wathne, leiar for teknikk og kundeservice ved Stavanger lufthavn

VART FOR VANSKELEG: Morten Wathne i Avinor fortel at det vart for vanskeleg å skifte og postlegge pollenprøven på same tidspunkt sju dagar i veka.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

– Vi har tatt på oss å gjere dette i ei årrekke no, men vi ser at vi ikkje har kapasitet til det lenger, seier Morten Wathne, leiar for teknikk og kundeservice på flyplassen.

Pollenfella må stå på ein plass der det er folk sju dagar i veka, og prøven må skiftast på same tidspunkt på dagen, kvar dag.

– Dette vart for vanskeleg for oss. Til dømes om eit fly landa halv tolv ein dag, måtte vi i verste fall leie inn ekstra mannskap for å til dømes køyre passasjerane i shuttlebuss til terminalen, då den som eigentleg skulle gjere det er opptatt med pollenfella. Vi kunne ikkje la dette gå utover kundane våre.

Tek berre ti minutt

– Denne saka har vi nok brukt litt lang tid på.

Tord Anton Haaland, helsesjef i Stavanger kommune

KASTEBALL: Tord Anton Haaland, helsesjef i Stavanger kommune, innrømmer at det har tatt litt lang tid å finne nokon til å ta over.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

Tord Anton Haaland er helsesjef i Stavanger kommune. NAAF bad kommunen i mars om dei kunne hjelpe til med å finne nokon som kunne ta over pollenfella. To månadar seinare har kommunen framleis ikkje funne nokon.

– Det må vere ein plass med døgnbemanning som skal ta over. Dømer på dette i kommunen er sjukeheimar og ambulansestasjonen, men dei har jo nok å drive med. Vi har og spurt brannstasjonen i Sandnes om dei ville gjere dette, men dei kunne ikkje ta seg tid til det.

Østbø seier sjølv at det ikkje er mykje tid dei spør om.

– Pollenvarselet er i all hovudsak basert på nasjonalt dugnadsarbeid. Det er berre å skifte glaset, og postlegge prøven. Det kan ta så lite som ti minutt, så eg skjønar ikkje heilt kvifor ingen vil ordne dette for oss.