Åtte vekers portforbod ventar 900 rekruttar

STAVANGER (NRK): Det er eit strengt smittevernregime som møter rekruttane som kjem til Madlaleiren neste veke. Men noka massetesting blir det ikkje denne gongen.

Rekrutter i Madlaleiren

I to månadar har meinig Falko og meinig Karoline hatt portforbod inne i Madlaleiren. No ventar same skjebne for 900 nye rekruttar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Ein lærer mykje om seg sjølv når ein berre har eitt område å vera på i åtte veker. Det blir litt intenst, men samtidig er det veldig lærerikt.

Meinig Karoline har akkurat fullført rekruttskulen ved KNM Harald Haarfagre i Stavanger.

Fleire hundre rekruttar har vore samla i leiren, men mesteparten av tida har ho berre vore saman med fem andre.

– Ein blir veldig godt kjent med dei ein bur med. Det blir som ein liten familie, seier Karoline.

Det har blitt mange timar inne på kasernane, for rekruttane har hatt portforbod under heile rekruttskulen. Det strenge smitteverntiltaket har blitt brukt både for å unngå at koronasmitte kjem inn i leiren og for å unngå at smitte skal spreia seg ut til lokalbefolkninga.

Rekruttar i Madlaleiren

Karoline og Falko har hatt god tid til å perfeksjonera morgonritualet med å reia opp senga.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Me har ropt til kvarandre og spelt bondesjakk gjennom vindauga, seier meinig Falko.

Åtte veker innestengd i leiren har vore vanskeleg til tider, men han meiner likevel det har vore eit viktig smitteverntiltak.

– Me har hatt ein heilt smittefri rekruttperiode, og det trur eg skuldast i stor grad portforbodet. I alle fall når du ser på andre stader i landet som har hatt meir smitte. Og me er jo tryggare inne i leiren enn utanfor, når det kjem til korona, seier Falko.

Førebur seg på å ta imot nye rekruttar

Dei to skal nå bli sanitetssoldatar. Samtidig førebur leiren seg på å ta imot nye rekruttar. På søndag startar innrulleringa og i løpet av neste veke skal rundt 900 rekruttar vera på plass.

Ronny Helmersen Kristoffersen

Ronny Kristoffersen er sjef ved KNM Harald Haarfagre.

– Me har ringt til alle rekruttane og gitt beskjed om at dei ikkje skal møta opp dersom dei har symptom. Dersom nokon kjem hit med symptom vil dei bli testa og sette i karantene, seier sjef ved KNM Harald Haarfagre, Ronny Kristoffersen.

Det er den tredje innrulleringa av rekruttar sidan koronapandemien ramma Noreg. Den første gruppa kom i april, og då vart alle testa for korona. Då den andre gruppa kom i juli, droppa Forsvaret massetestinga. Sjølv om det no er aukande smittetrend i Noreg, vil det heller ikkje bli gjort denne gongen.

– Etter råd frå Forsvarets sanitet og saniteten i Sjøforsvaret, så testar me ved symptom. Effekten av å testa frisk ungdom er ikkje så stor, seier Kristoffersen.

Han fortel vidare at Forsvarets sanitet har vore i kontakt med FHI, og dei er samde i at det ikkje er nødvendig å testa alle rekruttar, at det er meir enn godt nok å testa dei med symptom.

Held fram med portforbod

Så langt har det ikkje vore smitteutbrot i leiren og dei vil halda fram med smitteverntiltaka som dei ser har fungert. Det er mellom anna god handhygiene, spriting av overflater, avstand, inndeling i mindre grupper, eiga snufsekaserne og ikkje minst portforbod.

– Då unngår me at dei blir smitta under rekruttskulen. For oss er det veldig viktig at dei held seg smittefrie, for dette er kampkrafta til Forsvaret. Me skal senda dei ut til dei operative avdelingane og me er heilt avhengige av å få gjennomført heile utdanninga og sende dei friske dit, seier Kristoffersen.

– Og kva seier du til rekruttar eller foreldre som er uroa over korleis det vil bli?

– Me skal ta veldig godt vare på dei. Me har velferdstilbod og prøver legga til rette tenesta best mogleg slik at dei trivst. Rekruttar som er motiverte og trivst er også dei som har best læring og er mest klare når dei kjem ut herifrå.

Reiste rett på restaurant

For Karoline og Falko er portforbodet no oppheva. Dagen då dei endeleg fekk sleppa ut var eit høgdepunkt.

– Det var herleg, det var jubel, seier Karoline.

– Og kva gjorde du?

– Då var det rett på bussen, rett til Stavanger og eta på restaurant.

Falko har eit råd til rekruttane som nå skal gjennom det same.

– Det kjem til å testa deg og det blir vanskeleg til tider. Men i militæret lærer ein å vera seig. Så ein jobbar seg gjennom det og det går bra til slutt.