Inga løysing for stranda sjark

Eigaren av sjarken som havarerte ved Obrestad fyr prøver å få til ei løysing for å få båten på land. Søndag var fleire skodelystne ute for å sjå på havaristen på Nærlandsstranda. Status nå er at Statsforvaltaren må gi løyve til å trekka båten opp på land. Sjarken fekk motorhavari onsdag ettermiddag og tre personar blei berga med redningshelikopter.

Stranda sjark
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK