Importerer 4000 tonn julepynt i året: – Forkasteleg

Stadig fleire nissar og englar tek seg over grensa til Noreg. I år kjem vi til å importere nærare 4000 tonn julepynt. Det er nesten seks gonger meir enn for 30 år sidan.

Monica Bjerke - med julepynt på bordet - ser i kamera

SKATTAR: Den finaste julepynten er den som følast som skattar, synest Monica Bjerke. Heime hos henne er all pynten arva eller kjøpt brukt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er jo forkasteleg. Også er det så trist at noko som skal handle om den lune heimen gjer at vi blir eit enda kaldare samfunn, seier Monica Bjerke.

Heime hos Bjerke er all julepynten arva eller kjøpt brukt.

Julepynt med Tintin

FAVORITT: Juletreet som svigermor har laga må vere med når det er jul.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I desember blir pianoet pynta opp med julekrybba ungane har laga på skulen.

Og det blir ikkje jul utan juletreet med Tintin-figuren, som svigermor har laga.

– Eg kan ikkje hugse sist eg kjøpte ny julepynt, seier Bjerke.

Men marknaden for ny julepynt er på ingen måte død.

Juletrepynt fra Nille - iskrem og burger

NY PYNT: Store mengder julepynt blir importert kvart år. Kvar månad blir det importert fleire tusen kilo ny julepynt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Importerer pynt heile året

I 2018 importerte vi 4089 tonn julepynt. Dei foreløpige tala frå Statistisk sentralbyrå viser at vi kjem til å importere nesten like mykje i år.

Anja Bakken Riise, leder Fremtiden i våre hender

DROPP TRENDEN: Leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, råder folk til å droppe innkjøp av trendpynt kvart år.

Foto: Fremtiden i våre hender

Kvar einaste månad blir det importert fleire tusen kilo julepynt.

Leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, trur mykje av pynten blir kasta.

– Sannsynlegvis ender mykje av julepynten vår opp som avfall. Mykje av det er elektronisk avfall. Kjøp pynt som varer lenge og som ikkje er ei trend akkurat i år, seier ho.

Hos Haugaland Interkommunale Miljøverk i Haugesund, ser dei at mange kastar elektriske lysestakar og lyslenker i el-avfallet.

Gro Staveland

LYSLENKER: Gro Staveland i Haugaland Interkommunale Miljøverk finn att fleire lyslenker og lysestakar i el-avfallet.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er typisk at ei pære har slutta å virke og då kastar dei heile lyslenka, seier administrerande direktør Gro Staveland.

Rekord på bruktbutikken

Femti esker med julepynt er pakka ut hos NMS Gjenbruk i Haugesund før årets jul.

Alf Østebøvik - portrett

FRIVILLIG: Alf Østebøvik jobbar frivillig i butikken til NMS Gjenbruk. Han kjøper også brukt julepynt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Alf Østebøvik har jobba som frivillig i butikken i ti år. Raude nissar, juleservise, adventsstakar og juledukar fyller eit stort areal i butikken.

– Dette året trur eg vi har fått meir julepynt enn nokon gong, seier han.

Julepynten som står i hyllene får dei ofte rett etter jul. Når folk har pakka ned jula og sortert ut det dei ikkje vil ha lenger.

Men det er mange som kjøper brukt julepynt. Særleg dei unge.

– Når julesesongen er slutt er det nesten ikkje meir igjen hos oss, seier Østebøvik.

Julepynt på gjenbruksbutikken - mye pynt

FULLT: På NMS Gjenbruk i Haugesund har dei aldri hatt så mykje pynt inne som i år.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Får kanskje sitte i trappa

Heime hos Monika Bjerke er det låg terskel for kva for ein julepynt som får stå framme.

Grånissen som svigermor har strikka - julepynt

IKKJE FAVORITTEN: Grånissen som svigermor har strikka får kanskje vere med i år.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Men grensa går likevel ein stad. Ingen i familien har blitt heilt fortrulege med grånissen som svigermor har strikka.

– Han synest eg er litt fæl, ler Bjerke.

– Han får kanskje sitte i trappa. Kanskje.