Hopp til innhold

Etterlyser betre organisasjonskultur i Sp

– Mange sa mykje, og mange kunne nok sagt meir, men det meste burde vore usagt spør du meg. Sentralstyremedlem og leiar for Rogaland Senterparti, Bjarne Undheim, meiner partiet hans må bli betre å handsama vanskelege situasjonar.

Bjarne Undheim

Bjarne Undheim er bonde, sentralstyremedlem i Senterpartiet og leiar for Rogaland Senterparti.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bjarne Undheim vakna i dag opp til nyheita om at Senterpartiet (Sp) er ute av Stortinget i ei ny måling utført av Norstat. Han blei ikkje overraska.

– Det har vore ein langvarig uro i partiet med mykje anna enn politikk. Derfor kan eg ikkje sei at eg er veldig overraska. Ein tenker jo på kva veg slikt vil slå ut, og dette var ein av vegane det kunne slå ut, seier Undheim som er i full gang med lemminga på garden sin på Jæren.

Måtte bli litt spenning

Som sentralstyremedlem og leiar i Rogaland Sp har han følgt leiarstriden i partiet på nært hald. Når striden nå tilsynelatande er over, og ein ny leiar-trio er vald, er ikkje Undheim stolt når han ser tilbake på korleis partiet har kome ut av uroa som har vore.

– Det var jo val til nytt styre med såpass mykje bråk rundt personane at det er klart at det måtte bli litt spenning og støy og alt det der. Men det var ikkje nødvendig å legga opp til eit nivå der absolutt alt skulle bli sagt og skrive. Mange sa mykje, og mange kunne nok sagt meir, men det meste burde vore usagt spør du meg, seier Undheim.

– Kven sin feil er det at det blei slik?

– Organisasjonsarbeidet må i fokus, for me må opptre på ein ryddigare måte enn me gjorde i denne saka. Sjølv om det var mykje kjensler i sving må me kunna handsama dette på ein betre måte, og det er ei organisasjonssak. Det skulle vore ein ryddigare prosess.

Han meiner at dei må få ein betre kultur i organisasjonen. Noko som også kom fram i ein evalueringsrapport som Undheim var med på å utvikla i fjor. Ein lekkasje frå denne rapporten tok fokuset vekk frå innhaldet, ifølgje Undheim.

– Evalueringsarbeidet la opp til jobbing med organisasjonskulturen i partiet, men så sprakk det og alle ville seia sitt. Dette berre balla på seg og evalueringsarbeidet fekk ein stoppar.

Det er dette arbeidet han meiner at Senterpartiet nå må gå vidare med.

Ser framover

Når Sp nå ligg under sperregrensa meiner Undheim at det berre kan gå ein veg, og det er oppover. Han trur i alle fall at det ikkje vil bli dei stor konfliktane i nær framtid.

– Slik eg oppfattar det med andre fylkesleiarar er det slik at det nå handlar om samling framover. Dette blei presisert frå mange frå talarstolen på landsmøtet, og det har eg god tru på. Skulle det vera enkelte som framleis ber på noko, trur eg at dei er i eit veldig mindretal, seier han.

– Korleis skal de reisa dykk?

– Nå må me ha fokus på politikk og gjera ein god jobb på stortinget, så skulle det vera greitt. Det er plenty av saker me kan gripa fatt i nå, du har landbruksoppgjeret, kommunereforma, skatte- og fordelingspolitikk og politireforma, det er mange saker som angår Senterpartiet nå.

Men neste gong det oppstår alvorlege personkonfliktar bør Sp vera rusta til å takla dei betre, det er han bestemt på.

– Viss dette har kosta oss veljarar er det veldig synd og unødvendig, avsluttar han.