Hopp til innhold

Ikkje kniv

Gjerningsmannen brukte ikkje kniv til å stikka ei 16 år gammal jente i Sandnes med.  - Men politiet vil ikkje seie meir om kva stikkvåpen som blei brukt.   Det er ikkje fare for livet til jenta.

Maudalsgata i Sandnes, der ei 16 år gammal jente vart stukken i brystet
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Den 16 år gamle jenta, som blei frakta til sjukehus i går, etter at ho vart stukken i brystet av ein mann, er ikkje livsfarleg skada. 

Det opplyser politiet onsdag føremiddag.

- Jenta kjem til å bli avhøyrt så fort som råd, seier etterforskingsleiar Magnar Hetland ved Rogaland politidistrikt.

Politiet leitar etter ein kjent gjerningsmann.

Gjerningsmannen er ung, han er truleg ikkje farleg for andre personar og han er ein mann politiet har vore borte i før.   Ut frå tidlegare erfaring har politiet godt håp om å finna han.

- Hittil vil me ikkje seie  noko om forholda mellom dei to.  Heller ikkje kva motivet har vore, seier etterforskingsleiar Hetland.

Heller ikkje vil politiet gå ut med kva stikkvåpen som vart brukt.

- Det vil me at gjerningsmannen skal fortelje oss om, seier Hetland.

Ei jente på 16 år vart stukken i brystregionen med eit stikkvåpen i går kveld i 20-tida.   Det var berre jenta og gjerningsmannen som var involvert i episoden.   Stikkinga skjedde på Varatun i Sandnes.