NRK Meny
Normal

Politiet vil varetektsfengsle alle dei sikta

I dag skal alle dei fire mennene, som er sikta i drapssaka på Tina Jørgensen, framstillast for varetektsfengsling. Minst ein av dei er framleis ikkje avhøyrt.

Tina-saka

Dei to siste som blei tekne i samanheng med drapet på Tina Jørgensen kom til politihuset i Stavanger seint i går kveld.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Klienten min blei frakta frå Kristiansand til Stavanger seint i går kveld. Han ønsker å forklara seg for politiet, så det er avtalt eit avhøyr med han fredag morgon, seier Trond Wåland, som er forsvarar for den 36 år gamle mannen som i går melde seg sjølv til politiet i samanheng med Tina Jørgensen-saka.

Han har status som sikta i saka, men det er ikkje teke stilling til om han skal framstillast for fengsling. Avhøyret med han skal bli gjort i 9.30-tida fredag morgon.

– Korleis har han reagert på siktinga?

– Eg har ingen kommentar til det, seier Wåland.

Avhøyr i natt

Olav Sylte forsvarar 38-åringen, som var den siste som i går blei teken og sikta av politiet.

Han har sat natt til fredag i avhøyr til klokka halv to.

Ifølgje VG eigde han ein svart BMW av same type som politiet har vore på jekt etter i 15 år, då drapet skjedde.

Dette er opplysingar verken Sylte eller politiet vil kommentera.

Stor jobb for politiet

– Det er viktig at politiet får arbeidsro nå.

Det seier Odd Rune Torstrup, som forsvarar 36-åringen frå Lyngdal, som onsdag blei teken av politiet, og deretter sikta for drap eller medverknad til drap på Tina Jørgensen i 2000.

Ifølgje Stavanger Aftenblad er det denne mannen, som i avhøyr har fortalt om dei tre andre sørlendingane, som i går blei tekne ein etter ein og køyrde til politihuset i Stavanger. Her sit alle nå i arrest.

– Eg var allereie onsdag kveld overbevist om at det ville bli fleire arrestasjonar i denne saka, seier Torstrup.

Det er stadfesta at alle dei fire mennene skal framstillast for varetektsfengsling i dag, og politiet vil be om å få alle fengsla. Torstrup understrekar at politiet har ein stor jobb framføre seg og at det kan hende at det er folk som skal sjekkast ut av saka, eller at nye folk blir sjekka inn.

Dette er Tina Jørgensen-saka:

Laster innhold, vennligst vent..

Lokalsamfunn er prega

Gjennombrotet i saka pregar folk i Rogaland og ikkje minst i Lyngdal, der alle dei fire sikta mennene kjem frå. Dei var kameratar, med felles ungdomstid i Lyngdal.

– Ettersom omfanget har teke seg opp frå ein til fire er det klart at dette blir ei stor sak her i Lyngdal. Folk snakkar om det og det lekk stadig ut kjennskap til desse fire personane som det gjeld, det seier ordførar Jan Kristensen.

Tina Jørgensen blei sist sett i live 24. september 2000 i Stavanger sentrum, og blei ein månad seinare funnen død i ein dreneringskum ved Bore kyrkje på Jæren.

Kven som har stått bak drapet har vore eit mysterium, men nå kan den 15 år gamle drapsgåta vera løyst.

Odd Rune Torstrup er forsvarar for 36-åringen frå Lyngdal, som onsdag blei teken av politiet, og deretter blei sikta for drap eller medverknad til drap på Tina Jørgensen i 2000.

VIDEO: Sjå intervjuet med Odd Rune Torstrup frå torsdag kveld.