Hopp til innhold

Ikkje felles drapsetterforsking likevel

Politiet har konkluderte med at drapa på Birgitte Tengs på Karmøy og Tina Jørgensen i Stavanger ikkje heng saman, og skal etterforskast kvar for seg.

Natt til 6. mai i 1995 ble 17 år gamle Birgitte Tengs brutalt voldtatt og drept ved Gamle Sundsveg i Kopervik.

ARKIV (07.05.95): For 20 år siden vart 17 år gamle Birgitte Tengs funnen drepen på ein sideveg på Karmøy. Politiet veit framleis ikkje kven som drap ho.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og Rogaland politidistrikt har tidlegare fått tips om at dei to sakene, frå 1995 og 2000, kan ha same gjerningsmann , og politiet har no undersøkt dette.

– Konklusjonen er at slik det ser ut no, så er det ikkje grunnlag for å ei felles etterforsking. Det inneber at kvart politidistrikt framleis behandlar sine saker og følgjer opp dei tips og nye opplysingar i sine saker, seier førstestatsadvokat Harald Grønlien.

Førstestatsadvokat Harald L. Grønlien

HAR KONKLUDERT: Førstestatsadvokat Harald Grønlien.

Foto: NRK

– Korleis vil desse to sakene bli etterforska vidare?

– Slik som det har vore dei siste åra: politiet vil følgja opp nye tips og opplysingar som kjem inn.

Får framleis nye tips

I mai 1995 vart Birgitte Tengs valdtatt og drepen på Karmøy. Natt til 24. september 2000 forsvann Tina Jørgensen sporlaust på veg heim frå byen i Stavanger. Ein månad seinare vart ho funnen drepen ved Bore kyrkje i Klepp. Politiet får framleis tips i begge sakene.

– Det er kome ein del nye tips i Birgitte Tengs-saka dei siste, korleis ser de på dei?

– Mykje av det er berre repetisjon av gamle ting. Men det er noko nytt, og det vil bli følgt opp grundig, seier Grønlien.