NRK Meny

IKKJE FALSKE ALARMSELJARAR:

Fleire personar frå Jæren har i kveld varsla politiet om alarmseljarar som går frå hus til hus. Politiet har tidlegare bede folk om å vera på vakt etter uvanleg aktivitet i nabolaga, med tanke på den massive innbrotsbølgja som herjer i fylket. Det har òg blitt skrive om falske alarmseljarar som eigentleg kartlegg husa. – Me har kontakta Sektoralarm som stadfestar at dei har fleire seljarar ute i Bryne-området i kveld, seier operasjonsleiar Geir Gjesdal i Rogaland politidistrikt. Altså er det ikkje snakk om falske alarmseljarar som kartlegg og overvaker kva hus som står tomme og ikkje.