Hopp til innhold

Identiteten til barnet som skylte i land på Karmøy er klar

Det var 15 månader gamle Artin Irannezhad frå Iran som blei funnen død i ein barnekjeledress i sjøkanten på Karmøy på nyåret.

Kjeledressen og redningsvesten til Artin.

EIT MYSTERIUM: Ingen barn var sakna i Noreg da Artin blei funnen. Merka på kleda og redningsvesten kunne tidleg tyda på at det var eit barn frå utlandet.

Foto: Politiet

Det kjem fram i ei pressemelding frå Sør-Vest politidistrikt og Kripos.

– Resultata av DNA-prøvane er klare. Det er DNA frå leivningane og frå ein slektning som bor i Noreg. Vi kan konkludera med at det er Artin som blei funnen på Karmøy, seier politifagleg etterforskningsleiar ved Karmøy lensmannskontor, Camilla Tjelle Waage til NRK.

Gutens fulle namn er Artin Irannezhad. Han er av iransk opphav og forsvann under eit forlis i den engelske kanal utanfor Frankrike 27. oktober i fjor.

Det var fredag 1. januar politiet fekk melding om funn av ein barnekjeledress med ein redningsvest i vasskanten lengst sør på Karmøy i Rogaland, ikkje langt frå Skudeneshavn.

Politiet sin hovudteori var at det hadde skjedd ei tragisk ulukke og at barnet hadde drive i land.

Det heile stod fram som eit stort mysterium fordi ingen barn var sakna i Noreg, ifølge politiet sine register.

Men merka på kleda og redningsvesten kunne tidleg tyda på at det var eit barn frå utlandet.

  • Her kan du lesa heile historia om Artin:

Blei tidleg tipsa om båtflyktningar

Politiet fekk også tidleg tips om ein kurdisk familie på fem frå Iran som omkom i Den engelske kanal i fjor haust.

Båtflyktningane var på veg frå hamnebyen Dunkerque nord i Frankrike med ein liten båt i dårleg vêr.

Dei hadde dratt frå Iran tidleg i august. Ved hjelp av menneskesmuglarar blei familien frakta gjennom Tyrkia og Italia før dei til slutt hamna i ein flyktningleir i den nordfranske byen.

Heile turen hadde kosta dei 24.000 euro, og nå var dei på veg for å søka lukka i England.

Det døde barnet blei funne i sjøkanten nordvest for Skudeneshavn på Karmøy 1. januar 2021. Båtforliset skjedde få kilometer frå hamnebyen Dunkerque nord i Frankrike. Mellom Dunkerque og Skudeneshavn er det 919 kilometer.

Camilla Tjelle Waage seier det er ein spesiell sak.

– Det har det vore heilt frå starten av. Det har kravd eit samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Det er ikkje kvardagskost på eit lensmannskontor.

Camilla Tjelle Waage

Camilla Tjelle Waage.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Norsk slektning

Ved obduksjon av guten blei det sikra materiale til DNA-analyse og ein fullstendig DNA-profil blei framstilt ved Oslo Universitetssykehus.

Nasjonal Identifiseringsgruppe i Kripos har jobba med Sør-Vest politidistrikt for å finne ein DNA-match.

Politiet blei tidleg kjent med at Artin hadde ein slektning i Noreg.

– Men det har vore viktig å kartlegge om vedkommande hadde eit slektskap som var nært nok til at det kunne gi grunnlag for ein sikker DNA-match. Da vi fekk fastslått det, gav slektningen DNA til politiet ettersom det viste seg at svaret frå Frankrike tok lenger tid enn først antatt, forklarar leiar av ID-gruppa i Kripos, Tore André Walstad i pressemeldinga.

faksimile

Den vesle guten Artin, her på armen til pappa Rasoul i blå dress, blei aldri funnen etter eit båtforlis utanfor Frankrike 27. oktober i fjor. Nå er det klart at det var han som blei funnen i sjøkanten på Karmøy 1. januar.

Andre søsken blei funne

Ifølge BBC var det fleire som hadde åtvara familien mot den kraftige vinden og dei høge bølgene.

Få kilometer ute på ope hav gjekk det gale. Båten tok inn vatn.

Rasoul Iran-Nejad (35), kona Shiva Mohammad Panahi (35), og barna Anita (9), Armin (6) og Artin (1) omkom alle da båten tok inn vatn og kollapsa.

Dei fire eldste blei alle funne, men Artin på 15 månader dreiv bort, ifølge augevitne.

Nå er det altså stadfesta at det er han som blei funnen i sjøkanten på Karmøy 1. januar.

Mellom hamnebyen Dunkerque nord i Frankrike og Skudeneshavn på Karmøy er det 919 kilometer.

Pårørande i Iran er varsla om nyheita frå Noreg.

Artin og familien hans flykta fyrst frå Iran til Tyrkia.
Frå Tyrkia kom dei seg til Italia.
Frå Italia gjekk flukta vidare til Dunkerque i Frankrike.
På veg frå Frankrike til England forliste båten.
Heile familien mista livet. Artin blei funnen på land i Karmøy.