ID-kort på arbeidsplassane

Arbeiderpartiet vil innføre ID-kort for alle tilsette i bygg- og anleggsbransjen for å stoppe sosial dumping.

Eirin Sund, Ap
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

I tillegg vil dei ha auka innsynsrett i lønns- og arbeidsvilkår for tillitsvalde.

Men stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Eirin Sund, meiner det viktigaste er fleire kontrollar.

- Det viktigaste er at ein får sett opp ressursar til Arbeidstilsynet og til Petroleumstilsynet og politiet, sånn at dei kan auka kontrollen.

Sund trur òg at eit krav om ID-kort i heile byggebransjen kan gjera det lettare å avdekka og førebygga ulovlege arbeidsforhold.

- Dei som skal kontrollera ser lettare kven som er lovleg, og kven som ikkje er det, seier Sund.

Svarteliste

- Dei utanlandske arbeidstakarane vil lettare sjå kva rettar dei har om dei får opplysningar på forskjellige språk, seier Rolf Bersås.

Han er leiar i LO Stavanger. Forutan informasjon om lovar og rettar på fleire språk trur han òg det er viktig å gå hardare ut mot useriøse verksemder. Han vil ha ei svarteliste slik at useriøse aktørar ikkje får konkurrere på den offentlege marknaden.