NRK Meny
Normal

I tog for dei som døyr i rus

Mange gjekk torsdagskveld i fakkeltog gjennom Stavanger for å minnast alle som kvart år døyr som følgje av rusmisbruk.

Mange gjekk torsdagskveld i fakkeltog gjennom Stavanger for å minnast alle som kvart år døyr som følgje av rusmisbruk.

VIDEO: Sjå video av fakkeltoget som gjekk gjennom Stavanger torsdag kveld.

Kvart år døyr om lag 250 personar som følgje av overdose i Norge. I torsdagskveld samla fleire seg i Stavanger sentrum og gjekk i fakkeltog for å minnast desse. Etter dette fakkeltoget blei det arrangert minnegudsteneste i Domkyrkja.

– Det er viktig for oss som samfunn, for pårørande og hjelpeapparat å setja fokus på alle som døyr på grunn av rus, seier gateprest i Stavanger, Per Arne Tengesdal.