Hopp til innhold

Her kan sjøen stå 34 centimeter over kaia

Meteorologane har døypt ekstremvêret «Didrik» og auka farevarselet til raudt før sjøen begynner å stige natt til onsdag. I Stavanger kan havet stige til langt over kaikanten.

Føreburingar til stormflo i Vågen i Stavanger

Stavanger kommune førebur seg på vatn langt over kaikanten i Vågen. Varslingane tyder på at rekorden frå 1994 kan bli slått.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Det er ganske mykje meir enn varselet vi fekk måndag, seier Torstein Nilesen, beredskapssjef i Stavanger kommune.

I Vågen må han førebu seg på ein mogleg rekord. Natt til onsdag kan sjøen stå opptil 34 centimeter over kaikanten, som er låg akkurat i sentrum av byen.

Stavanger kommune fekk først varsel om at sjøen kunne stå opptil 54 centimeter over kaikanten. Onsdag ettermiddag fekk kommunen ein ny prognose på maksimalt 34 centimeter.

Det vil i så tilfelle slå rekorden i Stavanger, som er frå 1994. Då stod sjøen 30 centimeter over kaikanten. I Bergen kan havet nå det fjerde høgaste nivået som nokon gong er målt.

To toppar

Måndag var faregraden oransje, men tysdag føremiddag auka Meteorologisk institutt varselet til raudt for Agder, Rogaland og Sunnhordland.

Ekstremværet «Didrik»

Varselet er raudt i Agder, Rogaland og Sunnhordland, oransje på Aust- og Vestlandet og gult i Trøndelag.

Grafikk: Meteorologisk institutt

– Det er den høgaste varslinga vår, og det vil føre til at mange stader står under vatn. Det er fare for øydeleggingar på bygningar og infrastruktur i strandsona, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Ifølgje Skjerdal kjem sjøen til å nå sitt toppunkt i Stavanger rundt klokka 01.30 natt til onsdag, medan toppen kjem litt seinare dei andre stadene. I Bergen kjem toppen klokka 02.

Sjå innslaget frå 1994 - då Stavanger blei råka av den heftigaste stormfloden som nokon gong er registrert.

I 1994 opplevde folk i Stavanger den høgaste sjøen som nokon gong er registrert.

Langs heile kysten, frå Østfold til Møre og Romsdal, er det venta langt høgare sjø enn vanleg det neste døgnet. Det kjem ein topp noko etter midnatt, og så ein ny topp onsdag ettermiddag – tolv timar etter den første.

Austlandet og Agder får ikkje denne siste ettermiddagstoppen.

Sandsekkar og «sjøpølser»

I Møre og Romsdal kjem det heile litt utpå onsdagen. Her er toppen venta mellom klokka 12 og 16. I Trøndelag er farevarselet «berre» gult, ikkje oransje og raudt som elles i landet.

I Vågen i Stavanger er kaikanten lågare enn mange andre stader. Difor skal beredskapssjef Nielsen og dei han jobbar med varsle råka eigarar og næringsdrivande, sperre gater og legge ut sandsekkar og «sjøpølser».

Føreburingar til stormflo i Vågen i Stavanger

Den kvite plasten, «sjøpølsene», blir fylte med sjøvatn.

Foto: Øystein Otterdal / NRK
Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger kommune

Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger kommune.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Dette får store konsekvensar for både trafikk og ferdsel i Vågen frå tysdag kveld og utover natta. Vi gjer alle førebuingar vi trur det kan bli bruk for, og litt til, seier han.

Lågtrykk, fullmåne og vind

Statsmeteorolog Magnus Haukland forklarer kvifor vatnet stig så mykje akkurat nå.

– Det er eit lågtrykk som kjem inn i natt. Når trykket minkar, så stig sjøen. I tillegg har vi nettopp hatt fullmåne, og får vind rett mot land. Desse faktorane gjer at sjøen blir veldig høg, seier Haukland.

Ifølgje meteorologen er det ikkje så ofte at alle desse tre tilhøva kjem samstundes.