NRK Meny
Normal

Byhaugtunnelen er opna for trafikk

Etter å ha vore stengd i ni veke, opna Byhaugtunnelen i Stavanger klokka ti i kveld. Det betyr at det er slutt på omkøyringsrutene.

Byhaugtunnelen er klar, og opnar igjen i kveld.

– Det har gått bra. Det er krevjande arbeid å gå inn å gjera noko slikt i ein eksisterande tunnel, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Tunnelen har vore stengd sidan 10. juni, men no opna den altså som planlagt klokka ti i kveld.

Gunnar Eiterjord

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me hadde planlagt arbeidet godt, og har hatt mange flinke medarbeidarar og ein god entreprenør som har gjort jobben sin, seier Eiterjord.

– God planlegging i forkant

Byhaugtunnelen vart stengd i forbindelse med bygginga av Eiganestunnelen i Ryfast-prosjektet.

Den nye tunnelen skal gå berre 1,70 meter under Byhaugtunnelen, og difor måtte sistnemnde forsterkast. Det arbeidet er no utført.

Prosjektleiaren for Eiganestunnelen er strålande nøgd med at dei har greidd å bli ferdige med arbeidet på nøyaktig dei ni vekene, som var sett av til arbeidet.

– Det har vore ein veldig krevjande jobb. Men det har vore god planlegging i forkant, og den planen som blei lagt har me følgt. Det var ein plan for kva me skulle gjera time, for time. Det var nok sterkt medverkande til at me greidde å bli ferdig på tida, seier Sverre Nergaard.

Han skryt også av gode arbeidsfolk som har vore med på laget.

Slutt på omkøyringane

Omkøyringsrutene har til tider skapt store køar, men når folk skal køyre til jobb i morgon tidleg kan dei altså køyre som normalt.

Forutan om køar, meiner Gunnar Eiterjord at dei har hatt få problem i forbindelse med stenginga.

– Me har vore heldige, og me har fått omkøyringstrafikken til å gå rimeleg greitt. Me har ikkje hatt nokon uhell verken i tunnelen eller på omkøyringane, seier Eiterjord.