Hopp til innhold

I dette kullet har berre tre fått læreplass

Dei er meir enn 30 som har søkt, men berre tre har fått læreplass. Lærlingane er så hardt råka av oljenedturen at fylkeskommunen nå sett i gang eigen kampanje.

Teknikk og industriell produksjon, Bergeland videregående

I kullet på Teknikk og industriell produksjon ved Bergeland vidaregåande i Stavanger er det over 40 elevar. 35 av dei ønskjer læreplass, men til nå har berre tre fått.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg visste det var vanskeleg, men ikkje at det var så vanskeleg som nå, seier Jostein Seppola, elev ved Bergeland vidaregåande skole i Stavanger.

Han er ein av mange elevar på teknikk og industriell produksjon (TIP). Desse skuleungdommane har tidlegare styrt rett inn til gode jobbar i oljebransjen, men slik blir det nok ikkje i 2016.

Nær to av tre elevar i Rogaland står utan læreplass til hausten. Så langt har fylkeskommunen skaffa læreplassar til 670 elevar. Samstundes står om lag 1000 utan læreplass. Og nær 400 av desse igjen går på TIP.

Solveig Ege Tengesdal

Solveig Ege Tengesdal (KrF) er fylkesordførar i Rogaland. Ho håpar at både private og offentlege verksemder kan ta inn lærlingar i år, sjølv om dei ikkje har gjort det før.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

No får nedgangen i oljebransjen skulda for at fleire av desse elevane kan bli ståande utan læreplass til hausten.

Lærar: – Dette er unormalt

På denne tida plar nemleg avdelingsleiaren på skulen i Stavanger å ha sikra plass til 80 prosent av elevane sine.

– Dette er unormalt. De dårlege tidene i oljebransjen er årsaka, seier Jørgen Solvik, avdelingsleiar for TIP ved Bergeland vidaregåande.

Jostein Seppola

HAR IKKJE FÅTT LÆREPLASS: Jostein Seppola.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK
Kristian Pedersen

HAR FÅTT LÆREPLASS: Kristian Pedersen.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Situasjonen er så alvorleg at fylkeskommunen i dag lanserte ein kampanje (ekstern lenke) for å få fleire bedrifter til å ta imot lærlingar. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) kan ikkje skru opp oljeprisen, men kjem med denne oppfordringa til bedrifter som ikkje er ramma av dei dårlege tidene:

– Det er eit stort potensial, både i privat og offentleg verksemd, til å ta imot fleire lærlingar. Kanskje også innanfor fleire område enn dei som tradisjonelt har tatt inn lærlingar, seier ho.

Skal jobbe med vedlikehald på tog

Jostein Seppola og medelevane fortel om avviste søknadar og dystre utsikter.

– Det er eit tema som vi ofte tar opp. Vi snakkar om kven som har fått plass, kven som har fått intervju og så vidare, seier han.

Og fleire elevar har for lengst innsett at dei må tenke annleis om dei skal kunne bli lærlingar. Klassekamerat Kristian Pedersen er ein av dei tre i 2016-kullet som har fått læreplass – men ikkje i den bransjen han trudde då han begynte på vidaregåande.

– Det blei vedlikehald på tog, seier han.