Hopp til innhold

I dag flytter Magnhild grensene

Fylkesmannen avslører i dag sitt forslag til nye kommunegrenser i Rogaland. Magnhild Meltveit Kleppa garanterer at ikkje alt blir som før.

Magnhild Meltveit Kleppa

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa teiknar sitt kommunekart på eit hotell i Stavanger tysdag.

Foto: Erik Waage

– Det blir nokre endringar frå vår side, samanlikna med kommunestyrevedtaka, seier Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland.

I dag, tysdag, legg ho fram Fylkesmannen si tilråding om framtidig kommunestruktur i Rogaland. Tilrådinga kan du sjå hos NRK og ei rekkje lokalaviser i fylket.

(...) Nå høyrer eg at dette nesten høyrast ut som ei vêrmelding snart, det er det ikkje.

Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland

Fylkesmannen er svært forsiktig med kva ho seier før presentasjonen på Clarion Hotel Energy klokka 12.30 tysdag, men ho kjem ikkje til å nøye seg med at Stavanger, Rennesøy og Finnøy har funne saman. Og heller ikkje at Forsand og Sandnes har gjort det same.

Vil snakka om Raglamyr og Forus

I tillegg til eventuelle kommunesamanslåingar, lovar også fylkesmannen å koma med forslag om ein del grenseendringar mellom dei nåverande kommunane.

– Eit område i nordfylket, Raglamyr med Fastlands-Karmøy, er løfta fram. Det same er Forus – om noko kunne gjerast der. At Ombo ligg i to kommunar er ei sak, like eins Jøsenfjorden, Hylsstranda, Åna Sira. Nå høyrer eg at dette nesten høyrast ut som ei vêrmelding snart, det er det ikkje, seier ein spøkefull Meltveit Kleppa, før ho blir alvorleg:

– Vi kjem til å vera konkrete på desse sakene.

Forskaren trur regjeringa høyrer på Kleppa

Stortinget har det siste ordet – etter innstilling frå regjeringa. Og regjeringa kjem til å lytta til fylkesmannen, meiner samfunnsforskar ved Iris, Einar Leknes.

Einar leknes

Einar Leknes.

Foto: Iris

– Fylkesmannen sit nært kommunane og kjenner alle prosessane inn og ut. Det er fylkesmannen som har best føresetnad til å vege sentrale omsyn opp mot det kommunane har ønska. Så eg er sikker på at regjeringa kjem til å lytta, seier han.

Blant omsyna er økonomi og eit nokolunde likt tilbod når det gjeld til dømes sjukeheims- og kulturskuleplassar.

– Fylkesmannen hadde sett det hensiktsmessig at mindre kommunar blei slått saman til større. Då blir dei økonomisk meir robuste. Løysingane som er foreslått i Rogaland, løyser dette for nokre kommunar, seier han.

– Blir tricky

Leknes er også opptatt av at fylkesmannen må tenkje på lokaldemokratiet. Innbyggjarane sin nærleik til politikarane, og fysisk avstand til rådhuset, på eine sida – og vedtak i kommunane på den andre.

– Det blir tricky korleis Fylkesmannen skal ta omsyn til dei kommunale vedtaka og folkerøystingane. Og i stadig fleire saker har Fylkesmannen måtta ta meir omsyn til lokaldemokratiet, og legge mindre vekt på faglege omsyn. Det spørst kva Fylkesmannen vel her, seier han.

Det er fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som skal presentere hovudkonklusjonane, medan prosessrettleiar Anfinn Rosnes skal snakke om bakgrunn og faktagrunnlag. Du kan lese meir om presentasjonen hos Fylkesmannen i Rogaland.