Hopp til innhold

Her kan det koma ny varmerekord

Allereie klokka sju om morgonen var det 19 grader i Lysebotn. I kveld skal det bli skikkeleg varmt, og det kan koma ny varmerekord for mai i Rogaland i dag.

Fin sommerdag på Solastranda

SOMMAR: Leik på Solastranda på ein av få solskinsdagar i fjor sommar. I dag varslar yr.no 24 grader i Sola.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Heile Rogaland har mykje godt vêr i vente i dag. Det slår statsmeteorolog Steinar Skare fast.

– Det kjem mykje varm luft frå søraustlege strok, og eg ser ikkje vekk frå at temperaturen kan koma heilt opp i 28 grader i indre strok i Rogaland. I Lysebotn var det 19 grader i sjutida, seier Skare.

Det er berre litt meir enn ei grad unna ny varmerekord for mai i Rogaland. I 2008 og i 1954 blei det nemleg målt 29,0 grader i Fister og Sauda.

Her er eit utval varsla temperaturar frå yr.no:

Godt helgevêr

Trass høge temperaturar kan det bli ein del lokale regnbøyer utover ettermiddagen. I nord kan det også bli torevêr.

Ifølgje Skare går det mot godvêr også i helga.

– På onsdag får me truleg eit nytt innslag med litt nedbør og lågare temperatur, men på torsdag og fredag ser det ut som om det skal letta opp og at me får ei helg med meir fint vêr, der makstemperaturane ligg på 18 til 20 grader, seier han.

Høyr meteorologen her