I dag blir det billegare å permittere

Frå i dag av blir det billigare for arbeidsgjevar å permittere tilsette. Men Fellesforbundet skulle helst ha sett at endringane var endå meir radikale.

OLJE OSEBERGFELTET

Dei nye permitteringsreglane skal få bedriftene til å permittere i staden for å seie opp folk.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det blir enklare å heller permittere enn å seie opp folk. Og det blir enklare å behalde arbeidskrafta, seier Morten Larsen i Fellesforbundet om endringane i permitteringsreglane som gjeld frå i dag av.

Morten Larsen

Morten Larsen i Fellesforbundet vil ha endå meir fleksible reglar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Nå er reglane blitt som før. Det betyr at arbeidsgjevar berre betalar lønn til arbeidstakar dei første ti dagane ved permittering, ikkje tjue, slik det har vore ein periode.

– Gir større fleksibilitet

– I hovudsak så betyr det at du på kort sikt har større fleksibilitet. På litt lengre sikt så betyr det at du kan satse på fleire folk og byggje kompetanse langsiktig, og så har du ein plan B viss det skulle trengst.

Det sa konsernsjef ved verftet Westcon i Ølensvåg, Arne Birkeland, då regjeringa lytta til protestane frå LO og NHO og varsla om endringane i revidert budsjett i mai i år.

Vil ha endå meir fleksible reglar

I tillegg til at lønnsplikta til bedriftene blir halvert ved permittering, blir den maksimale dagpengeperioden auka frå 26 til 30 veker.

Men Fellesforbundet ynskjer eit endå meir fleksibelt regelverk i ei tid med oljenedgang og auka arbeidsløyse.

– Me ynskjer oss eit regelverk som baserer seg på at arbeidsgjevar perioden er fem dagar i staden for ti. Og at me kan vera permitterte i inntil eitt år, men at du og har ein rullerande permittering, seier Larsen.

– Ikkje nødvendig no

NHO, på si side, meiner det ikkje er nødvendig å gjera det endå lettare for bedrifter å permittera tilsette enn det regjeringa legg opp til frå og med i dag.

Hallvard Ween

Hallvard Ween i NHO trur ikkje det er behov for like permitteringsreglar som under finanskrisa no.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Fellesforbundet forstår eg refererer til situasjonen i 2008-2009, og då var situasjonen endå grovare enn den er i dag. Det me har sagt er at me må følgje situasjonen veldig nøye, og skulle problema auke så vil me sjølvsagt påpeika dette overfor regjeringa, seier regiondirektør Hallvard Ween.

– Men då må situasjonen bli mykje verre, legg han til.

Finanskrisereglar

Men Fellesforbundet vil altså ha permitteringsreglar som under finanskrisa, då kunne folk vera permitterte i opp mot eitt år.

– Den enkelte som ynskjer å jobbe innanfor til dømes oljenæringa vil då kunne vera knytt til bedrifta i ein permitteringssituasjon. Og då vil du kunne få opplæring i det faget du jobbar innanfor, seier Larsen.