Hopp til innhold

I dag blir flyktningspørsmålet avgjort

I dag må politikarane på Utsira bestemma seg for om dei vil busetja ti flyktningar i året fram til 2019.

Kommunehuset på Utsira

JA ELLER NEI TIL FLEIRE FLYKTNINGAR? Det er spørsmålet som skal få eit endeleg svar i dag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Vallogo

Utsira er Noregs minste kommune, og 211 personar er pr. 31. juni 2015 fastbuande i kommunen. I dag må politikarane ta stilling til om dei vil busetja ti flyktningar i året fram til 2019.

Den vesle kommunen kan dermed få ei stor folkeauke dei neste fire åra, men ingen jobbar og tynn bustadmarknad blir i så fall ei utfordring som må løysast raskt.

Til samanlikning blir det som om Sandnes kommune, med sine 73.000 innbyggjarar, skulle busett om lag 3680 flyktningar i året.

Ingen jobbar og få bustadar

– Personleg stiller eg meg positiv til å ta i mot fleire flyktningar. Me tok i mot vår første flyktningfamilie i vår, og eg har berre positive tankar om det, seier ordførar Marte Eide Klovning (Felleslista for Utsira).

Marte Eide Klovning

POSITIV: Ordførar Marte Eide Klovning.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som ber Utsira om å busetja fleire flyktningar, og kommunestyrepolitikarane skal i dag gjera eit endeleg vedtak.

Det finst per i dag ikkje ledige, kommunale bustadar på Utsira, men det finst nokre på den private marknaden. Ledige jobbar finst heller ikkje. Eide Klovning ser at det kan by på utfordringar, men meiner kommunen likevel bør hjelpa.

– Me ser det at me kan hjelpa dei med introduksjonsprogrammet og rusta dei til livet vidare og etablera seg, men me har få arbeidsplassar. Om det blir ledige arbeidsplassar forsvinn dei raskt. I så fall må dei pendla til fastlandet, eller så må dei starta si eiga bedrift. Det kan jo henda det kjem nokre gründerar, ein veit jo aldri, seier ordføraren.

– Trur du det kjem reaksjonar frå lokalbefolkninga?

– Det gjorde det førre gong også, men som sagt trur eg folk har erfart at dette ikkje er så skremmande likevel, seier ho.

– Ingen jobb, ingen integrering

Men ikkje alle er like positive som ordføraren. Geir Helge Rasmussen, som stiller til val for Bygdelista på Utsira, meiner kommunen ikkje er klar for å busetja så mange flyktningar som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet ønskjer.

– Eg lurer på om me har eit apparat som kan klarer å handtera så mange. Det er ikkje jobb til dei som er bur her no, eingong. Det går ikkje an å bu på ein så liten plass som Utsira og berre ta imot stønad. Ein må ha ein jobb, og utan jobb klarer ein ikkje integrera folk, seier Rasmussen.

Svært få av landets minste kommuner med færre enn ett tusen innbyggere tar i mot flyktninger. Utsira er et unntak. Søndag kom den første flyktingfamilien - som nå håper drømmer skal bli virkelighet her.