Hopp til innhold

Gågater gir større handel

Handelen aukar i sentrumsgater som blir omgjort frå biltrafikk til å passa betre for gåande og syklistar. Men i Pedersgata i Stavanger trur ikkje dei næringsdrivande på slikt.

Håvard Rott og Terje Fatland i Pedersgata i Stavanger

Håvard Rott og Terje Fatland i Pedersgata i Stavanger, som kan enda opp som delt sykkel og bilgate.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ei undersøking frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) viser at tilrettelegging for gåande i handlegatene fører til auka omsetnad i butikkane.

Undersøkinga er mellom anna gjort i sentrumsgater i Oslo, København og London og byggjer på tal frå 10 til 20 forskjellige gater.

Kjersti Visnes Øksenholt, forsker Transportøkonomisk Institutt

I studien til Transportøkonomisk Institutt har mindre biltrafikk ført til færre tomme butikklokale og auka eigedomsprisar, seier Kjersti Visnes Øksenholt, forskar ved Transportøkonomisk Institutt.

Foto: Transportøkonomisk Institutt

– Omsetnaden til dei næringsdrivande har auka med mellom 10 og 40 prosent i gatene som er omfatta av studien, fortel Kjersti Visnes Øksenholt, forskar ved TØI.

Meiner biltrafikk er best

Politikarane i Stavanger vurderer å gjera Pedersgata inn mot sentrum om frå vanleg bilgate til delt sykkel og bilgate. Undersøkinga frå TØI, gjer ikkje inntrykk på Terje Fatland som driv Shell-stasjonen der.

Mange parkerte bilar og ein bil som kjem i mot i Pedersgata i Stavanger

Det er biltrafikken som viser best igjen i Pedersgata i dag.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– For oss som driv bensinstasjon, så viser erfaringar elles i landet at einvegskøyring fører til ein nedgang i omsetnaden på 30 til 40 prosent.

Også Håvard Rott i selskapet Rott Regnskap stiller seg tvilande til om TØI si forsking inkluderer gater slik som Pedersgata.

Håvard Rott og Terje Fatland framføre Shellstasjonen i Pedersgata

Terje Fatland driv Shell-stasjonen i Pedersgata. Håvard Rott driv eit rekneskapsbyrå på andre sida av gata.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me som driv rekneskapskontor har kundar som kjem innom i fem minutt. Det er få av dei som syklar bort til rekneskapsføraren sin, seier Rott, som meiner at syklistane heller bør bruke parallellgata, Nedre Dalgate.

Støttar TØI

Nå er forslaget om å gjera Pedersgata om til ei meir sykkel- og fotgjengarvenleg gate, ute på høyring blant dei næringsdrivande.

Per A. Thorbjørsen (V) er leiar i det politiske utvalet som har behandla saka. Han er for innføring av delt vegbane mellom sykkel og bil. Det skuldast blant anna slike forskingsresultat, som TØI viser til.

Per A. Thorbjørnsen under opninga av ny sykkelgate

Per A. Thorbjørnsen frå opning av ei sykkelgate ein annan stad i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Me har visst lenge at salet går opp i gater der biltrafikken går ned. Ikkje for alle butikkar, men for storparten. Min magefølelse er at dette treng ikkje næringslivet uroa seg for, seier han.

Take away-gata

Pedersgata går frå byområdet Stavanger aust og om lag ein kilometer inn til sentrum av byen. Den næringa som viser best igjen er take away-restaurantar. Dette får Terje Fatland til å frykta konsekvensen av ei einvegskøyrd gate.

Pedersgata i Stavanger med St. Petri-kyrkja i bakgrunnen

Pedersgata i Stavanger startar ved St. Petri-kyrkja, som ligg like ved sentrum i byen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Ein ting er å laga ei gågate, som fører til etablering av klesbutikkar og andre butikkar, men når det gjeld ei take away-gate slik som Pedersgata, så trur eg me får problem, seier han.

Forskar Kjersti Visnes Øksenholt ved TØI, kan heller ikkje lova at forskingsresultata gjeld fullt ut for Pedersgata.

– I dei gatene som er omfatta av studien har salet gått opp, men det har vore sentrumsgater og det er ikkje nødvendigvis slik at det same vil skje i Pedersgata, seier ho.

Visnes Øksenholt understrekar også at TØI ikkje har sett spesielt på kva som skjer når gater med tovegs biltrafikk, blir omgjort til sykkel- og bilgater.