NRK Meny
Normal

I år er det venta 300.000 turistar hit

... og det bør norske investorar notera seg, meiner dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling.

Folksomt på Preikestolen

Det er folksamt på Preikestol-platået hele året og spesielt om sommaren.

Foto: Jarle Kristiansen

Audun Rake

Audun Rake, som er dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling AS. Eit offentleg-eigd selskap som jobbar for å utvikla Lysefjorden som eit turistmål.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Me lurer jo av og til på kva det er kinesarane ser, som ikkje dei norske investorane ser, seier Audun Rake, som er dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling AS.

Planlegg storhotell

Dei førebur seg også i år på rekordbesøk til Preikestolen, og reknar med at talet nå vil overstiga 300.000 turistar. Dei heftige besøkstala er grunnen til at kinesiske Empery i år overtok Verkshotellet i Jørpeland, utreisebygda for dei som skal til Preikestolen.

Ifølgje Stavanger Aftenblad har det kinesiske selskapet også planar om å kjøpa opp naboeigedommar på til saman 2,6 dekar og få desse omregulert til hotellformål.

I ei tid der oljeinntektene sviktar og mange ser seg om etter nye næringar å satsa innan synest Rake at det er rart at ikkje fleire ser på reiselivsnæringa.

– Me trur at dette er ein bransje som har kome for lite fram, når olja buttar imot, seier han.

– Dei bør koma på banen

Grunnen til det han opplever som lita interesse frå nordmenn trur han kanskje ligg i at det er tradisjon for at det er i olja pengane har ligge.

– Reiseliv har aldri hatt rykte på seg for å vera ei næring der det er tilgang på raske eller store pengar. Men nå bør dei koma på banen, seier den daglege leiaren.

Soloppgang på Preikestolen

Flere turister fra utlandet kommer til Preikestolen i en tid uten de store folkemassene; grytidlig om morgenen.

ARKIV: Fleire turistar frå utlandet kjem til Preikestolen i ei tid utan dei store folkemassane; grytidleg om morgonen.