Hyttekommunen har fått nok – sette opp grensepost

SIRDAL (NRK): Kommunen fryktar at hyttefolket ikkje følger lova. Fredag kontrollerte dei kor mange som ikkje heldt forbodet – og satte brannvesenet på saka. Laurdag er fleire hundre hytteturistar i Sirdal

Sirdal brann- og redningsvesen ved grensepost i Hunnedalen

PÅ VAKT: Anders Tjørhom og John Marius Ousdal har grensevakt i vårsola. Klokka 14.30 hadde det køyrt 63 bilar inn i Sirdal sidan 10.00.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Torsdag kveld kunne ein sjå lys i fleire hytter i Sirdal i Agder.

Det trass i forbodet mot å vere på ein fritidsbustad utanfor eigen kommune.

Sirdal brann- og redningsvesen ved grensepost i Hunnedalen

SPEIDAR: Brannvesenet held oppsyn med trafikken til Sirdal.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Det fekk leiinga i Sirdal til å reagere.

Saman med brannvesenet sette dei opp to grensepostar inn til kommunen for å telje kor mange bilar som køyrer inn i kommunen.

– Me vil ha oversikt over om folk held hytteforbodet, seier rådmann Inge Hedenstad Stangeland.

Den eine kontrollposten blei sett opp i Hunnedalen, på veg til Sirdal.

Ubodne gjester – også på dagen

– Der passerte nummer 63, seier brannmann Anders Tjørhom, som passar på den eine grenseposten.

Det er uvanleg få til å vere fredag. På ein fin vinterdag ville opp mot 1000 kome inn til kommunen.

Denne dagen passerte berre 81 bilar mellom klokka 10 til 18.

– Det ser ut som dei fleste er på dagstur. Mange er turkledde og har ganske tomme bilar, seier brannkonstabelen.

Men sjølv ikkje dagsturistar er velkomne hos rådmann Inge Hedenstad Stangeland.

Rådmann i Sirdal, Inge Hedenstad Stangeland

NOK ER NOK: Rådmann i Sirdal, Inge Hedenstad Stangeland.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Nei, me ser at forskrifta opnar opp for det, men me vil ha færrast mogleg inn i kommunen, seier han, nøgd med dagens 81 bilar.

– Det er av omsyn til dei avgrensa ressursane våre – både på helse og omsorg, og for å redusere smittefaren i kommunen, held Stangeland fram.

Laurdag er et fleire hundre hyttefolk i Sirdal. Ordførar Jonny Liland seier dei har berekna dette ut ifrå SIM-kort i området, og tatt vekk alle som går på «ring hytta varm».

Fleire hyttekommunar strammar grepet no.

Hunnedalen

VINTERPARADIS: Dette landskapet freistar fleire til både dags- og hytteturar i Sirdal.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Ingen unntak

Før hytteforbodet kom, prøvde mange å søke om dispensasjon til å dra på hytta i Sirdal.

Det kjem kommunen i liten grad til å gi, seier rådmannen.

– Folk gav ulike grunnar. Nokon fordi det er trongt i byen, andre skulle rydde på hytta eller hogge tre.

– Og ein del var opptatt av å isolere seg på grunn av smitta, seier Stangeland.

Ikkje alle er nøgde med dei nye, strenge hyttereglane.

– Noreg er vidstrakt, og har lokale skilnader. Forbodet kan vere fornuftig nokre plassar, men treng ikkje vere det over alt, seier Eivind Hegelstad.

Han leier velforeininga i Hønedalen i Sirdal, men uttaler seg som privatperson.

Han har ingen planar om å trasse forbodet ved å dra på hytta, men synest regelen er rigid. Det er han ikkje åleine om.

– Eg føler argumentet om kapasiteten i helsevesenet er vikarierande. Det er naturleg at kommunane vil isolere seg for å hindre smitte, seier Hegelstad.

Hytteeigaren trur det hadde hjelpt med nokre føringar til hyttefolket.

– Viss me verken kunne brukt butikk, bensinstasjon eller andre tilbod – og signert eigenerklæring på å ikkje få helsehjelp – burde det ikkje vere noko problem.

Sirdal skisenter

STENGT: Sirdal skisenter er folketomt no. Korona-tiltak har stengt anlegget. (Arkivfoto).

Foto: Sirdal Skisenter

Ber regjeringa revurdere

Norges Hytteforbund deler Hegelstad sitt syn. Dei har no sendt brev til helseministeren og justisministeren, og meiner det snart bør kome eit betre alternativ.

I skrivet peiker dei på hytta kan vere ei løysing, heller enn eit problem.

Organisasjonen vil gjere som til dømes Frankrike, og foreslår mellom anna at:

  • Hytteeigaren kan skrive frå seg ansvaret til sjukdomsoppfølging og transport frå kommunen (...).
  • Minst to personar på hytta må ha sertifikat for bil.
  • Ein må respektere restriksjonar frå kommunen – om sosial kontakt, kor ein kan bevege seg og innkjøp i butikk.

Norges Hyttelag, ein annan organisasjon, krev at forbodet blir heva til påske. Her møter dei motbør.

Sirdal brann- og redningsvesen ved grensepost i Hunnedalen

TELLER OPP: Frå denne posten tel brannvesenet kor mange bilar som køyrer inn til Sirdal kommune.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK