NRK Meny
Normal

Hyllar Alfred Hauge i jubileumsåret

Ein av landets fremste og mest eksperimentelle modernistar. Slik omtalar kjennarar forfattaren og ryfylkingen Alfred Hauge. I år er det 100 år sidan han blei fødd på Sjernarøy i Finnøy.

Alfred Hauge

– Det er ikkje mitt poeng å vera populær eller å vera lett forståeleg. Men mitt poeng er å gi ut det mest ekte, det mest sanne og det mest vesentlege som eg kan, sa Alfred Hauge i eit intervju med NRK. I år er det jubileumsår for forfattaren som døydde i 1986.

Foto: Leif Berge (Stavanger Aftenblad)

Torsdag går startskotet for feiringa av 100-årsjubileet for Alfred Hauge sin fødsel.

– Han seier noko om vandringa både i kvardagen i livet og i menneskesinnet, seier prost Kjetil Aano.

Han snakkar seg fort varm om forfattaren han med fleire meiner fortener å bli lest endå meir.

Aano kjende godt forfattaren frå Sjernarøy, som døydde i 1986, 71 år gammal, etter å ha gitt ut over 20 bøker og diktsamlingar.

– Kva trur du er grunnen til at han ikkje er meir kjent?

– Han er nok litt vanskeleg tilgjengeleg i ein del av det han skriv, men ikkje alt.

– Oppsiktsvekkande interessant

Kjetil Aano

Prost Kjetil Aano meiner det er vel verdt å feira 100-årsjubileet for Alfred Hauge.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Litteraturvitar, forfattar og journalist Jan Inge Sørbø meiner Hauge er den mest eksperimentelle prosaforfattaren etter krigen. I alle fall i sin generasjon.

– I det siste har han vore inne i ein gløymselsfase, men når du går tilbake til litteraturen nå, er den oppsiktsvekkande interessant og merkeleg, meiner han.

Passasjar i utvandrar-trilogien bar bod om ein meir moderne, visjonær og utfordrande litteratur frå Hauge, både i form og innhald.

Då den såkalla Utstein Kloster-syklusen kom, lot reaksjonane ikkje venta på seg, fortalde Hauge i eit intervju med NRK.

– Det er ikkje mitt poeng å vera populær eller å vera lett forståeleg. Men mitt poeng er å gi ut det mest ekte, det mest sanne og det mest vesentlege som eg kan, sa han.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø meiner Hauge er den mest eksperimentelle prosaforfattaren etter krigen. I alle fall i sin generasjon.

Foto: Kristian Fuglseth

Hauge blei meir radikal dess eldre han blei, seier Jan Inge Sørbø. I boka «Mysterium» i 1967 kalla han lesarane for medarbeidarar, diskuterte med dei, og bad dei om bidrag til neste bok.

– Nasjonal forfattar

Hauge har fem tekstar i salmeboka, og mennesket sitt forhold til tru står sentralt i bøkene hans.

I Hauge-året 2015 skal det feirast lokalt i Rogaland, men han er ein nasjonal forfattar, meiner Jan Inge Sørbø.

Han set pris på at Gyldendal har gjort heile katalogen tilgjengeleg i jubileumsåret, både som e-bøker, og ved at bøkene kan bestillast av enkeltpersonar på papir.

Hauge-året blir markert med ei rekkje foredrag, seminar, utstillingar og vandringar i forfattaren sine fotspor.