Hopp til innhold

Hydro satsar mot bilindustrien

Framtidas bilar skal vera lettare. Det betyr meir bruk av aluminium.

Trond Olaf Christophersen og Asle Voll

Fabrikksjef Trond Olaf Christophersen og einingsleiar ved støyperiet på Karmøy, Asle Voll.

Foto: ROSA IREN VILLALOBOS / NRK

– Når me ser på veksten i bilindustrien, så er det ei bølge me ønsker å vera med på, seier einingsleiar ved støyperiet på Karmøy, Asle Voll.

Hydro på Karmøy investerer over 20 millionar kroner i utstyr for å bli ein viktig leverandør av aluminium til bilindustrien i Europa.

Voll synst dei nye investeringane til bedrifta er svært spanande, både som forretningsutvikling, og som tiltak for å bevara arbeidsplassar.

Kvalitet og presisjon avgjerande

Bilindustrien er veksande, og det er eit aukande behov for aluminium av høg kvalitet i bransjen. Grunnen er at fleire delar på bilane må vera av aluminium for å få vekta ned, slik at dei blir miljøvennlege nok. Det seier fabrikksjef Trond Olaf Christophersen.

Hydra aluminium satser på bilindustrien

Hydro Karmøy satsar mot bilindustrien i Europa.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Presisjon, og det at metallet me lagar her kan få så fin kvalitet, er det som er avgjerande. Det er bilprodusentane veldig opptekne av. At me leverer feilfritt.

Kor viktig er bilindustrien for Hydro og produksjonen framover?

– Veldig viktig. Samla sett så investerer Hydro over ein milliard kroner i ulike fabrikkar i Europa, for å satsa mykje sterkare inn mot bilindustrien. Og me ser at bilindustrien er den marknaden som veks mest i Europa i åra som kjem.

Grunna fall i aluminiumsprisen meiner fabrikksjefen at det er ekstra viktig å satsa inn mot meir krevjande produkt og marknadssegment.

Spanande framtid

Også fleire andre av Hydro sine fabrikkar i Norge stasar inn mot bilindustrien i Europa. Samla er det på halvtanna år investert over hundre millionar kroner i støyperia til Hydro, for å kunne møta den veksande bilindustrimarknaden.

– Det er veldig spanande for oss i støyperiet, og det er klart dette er eit steg inn i framtida, avsluttar Voll.