Hopp til innhold
Maskineri på Hydro
Foto: Hydro

Hydro Karmøy

  • Nær 300 millioner i overskudd for Hydro Karmøy

    Hydro Karmøy gikk med 294 millioner kroner i overskudd i tredje kvartal. Hittil i år har selskapet hatt et overskudd på rundt 2,2 milliarder kroner.

    Fabrikksjefen beskriver nåværende marked som utfordrende.

    – Vi ser effekten av et svekket marked. Mens vi tidligere i år så en nedgang innen bygg- og anleggsbransjen merker vi nå også en svakere utvikling i bilindustrien, mens kabelsegmentet fortsatt er et godt marked for oss. Kombinert med lavere priser på aluminium bidrar markedsutfordringene til å drive resultatet ned, sier fabrikksjef Arne Martin Kjærland ved Hydro Karmøy, ifølge en pressemelding.

  • Brann i valseverket til Speira på Karmøy

    Politiet i Sør-Vest har fått melding om brann i ein omn i eit valseverk innanfor fabrikkområdet til Hydro på Karmøy. Det er selskapet Speira som er ansvarlege for valseverket.

    – Brannvesenet har starta innsats med røykdykkarar, men det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, fortel operasjonsleiar Toralv Skårland til NRK.

    Folk inne i det aktuelle bygget med valseverket er evakuerte, men det er per no ikkje nødvendig å evakuere andre frå industriområde på Karmøy, opplyser politiet. Ingen er skadde.

    – Per no er det kontroll på situasjonen, men det kan endre seg, seier Skårland.

    I valseverk blir aluminium, mellom anna frå norsk pant, resirkulert og tilarbeida til aluminiumsplater.

  • Hydro sel Karmøy Valseverk

    Hydro sel blant andre Karmøy Valseverk til eit oppkjøpsfond. Karmøy Valseverk har om lag 230 tilsette. Verket produserer plater, band og spolar av aluminium. Salsprisen for alle valseverka som Hydro nå kvittar seg med er 14.2 milliardar kroner.


  • Undersøker straumstans-årsak

    Hydro skal setja ned ei gruppe som skal prøva å finna ut kva årsaka til straumstansen på Karmøy i natt var. Då vil dei mellom anna sjå på om det kan ha ein samanheng med hackar-angrepet som ramma bedrifta for to veker sidan.

  • Straumstans på Hydro Karmøy

    Like før klokka fire i natt blei Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy ramma av straumstans. Ingen er skadde i hendinga, og straumen er tilbake, men på ein lågare styrke enn normalt. Årsaka til straumstansen er ukjent skriv dei på nettsidene sine.