Hopp til innhold

Husbrann på Moi

  • SØKER FRAMLEIS PERSON ETTER BRANN:

    Politiet jobbar framleis med å koma i kontakt med personen som er registrert på adressa der det byrja å brenna på Moi i dag tidleg. Huset er søkt gjennom utan at brannvesenet har funne nokon.

  • BRANN I HUS PÅ MOI:

    Brannvesenet melde klokka fem i dag tidleg om full overtenning i eit bustadhus på Moi. Ei kvinne er registrert på adressa, og røykdykkarar blei derfor sendt inn i huset. Politiet melder at det ikkje blei funne personar inne i huset. Det brenn framleis litt på loftet, men det er ikkje fare for at brannen skal spreia seg, seier Helene Strand, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger til NRK klokka 05.20.