Hopp til innhold

Husbrann på Karmøy

Rett før klokka 10.30 vart det meldt om brann i eit hus i Svevegen på Karmøy. Alle skal vere ute av huset. Brannvesenet melder om kraftig røykutvikling, og røykdykkarar er inne i huset. Litt før klokka 11 melder brannvesenet om kontroll på brannen.