NRK Meny
Normal

Hus brann ned til grunnen i Suldal

Eit hus har brunne ned til grunnen mellom Sand og Suldalsosen i Suldal.

Det var klokka 06.33 politiet fekk melding om husbrannen.

Huset låg på eit gardstun, men det budde ikkje folk der. Det skal ikkje har vore fare for at brannen skulle spreia seg til andre bygningar på tunet.

Huset var heilt nedbrent då politiet kom fram. Laurdag føremiddag var brannvesenet på staden for å driva ettersløkking.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.