NRK Meny

Den store heisdugnaden

Husbanken gir 70 millionar kroner i tilskott til bygging av heis i lågblokker. Åse Haga (92) vonar ho kan bli buande lenge i leilegheita sin i tredje etasje, når heisen er på plass.

92 år gamle Åse Haug slit med handleposar opp trappene til leiligheten sin

Åse Haug har utvikla ein eigen teknikk for å få handleposane med seg opp trappene.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg pleier å gjere det slik, seier Åse Haga. Ho set frå seg to handleposar i trappa og tar ein liten pause.

Nå set eg handleposane tre og tre steg opp trappa om gangen, og så går eg etter sjølv, forklarar ho.

92 år gamle Åse Haga viser metoden ho brukar for å få med seg handleposane opp tre etasjar til leilegheita si i Kvitodden burettslag, på Hundvåg i Stavanger.

Ho er ein av dei om lag 50 000 eldre menneske over 70 år, som bur i lågblokker utan heis her i landet.

– Men du ser jo at eg strevar, seier ho og pustar tungt.

Husbanken vil ha heisdugnad

Kvitodden burettslag, tilknytt Bate bustadbyggelag, har nytta seg av Husbanken sitt tilbod for å få installert heis i seks lågblokker.

Portrettbilde av adm.dir i Husbanken, Osmund Kaldheim

Husbanken har løyvd 70 millionar til heisbygging i 2017, fortel adm.dir Osmund Kaldheim.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Til saman får dei i overkant av fire millionar kroner i tilskott, resten - om lag åtte millionar- får dei låne til låge renter.

– I husbanken si historie så er det relativt nytt. Dette tiltaket starta i 2008, men så tok det litt tid å dra det i gang. Interessa var ikkje veldig stor i starten, fortel administrerande direktør i Husbanken, Osmund Kaldheim.

Rundt 70 millionar kroner har Husbanken delt ut i økonomisk støtte til heisbygging dette året. Bakgrunnen for pengedrysset er ønsket frå politikarane om at dei som bur i blokk skal kunne bu lengre heime når dei blir gamle.

– Erfaringane med heisbygging i lågblokker frå Finland viser at eldre kan bli buande opp til sju år lengre, før dei må flytte til omsorgs- eller sjukeheim, seier Kaldheim.

Her har dei alt gjort det

I Storhagen burettslag på Storhaug i Stavanger er dei nett ferdig med ei kraftig utbetring og opp-pussing av heisane i blokkene sine.

Styreleiar i Storhagen burettslag, Edel Rosenberg, i den nye heisen i blokka der ho bur

- Nå treng ikkje bebuarane lengre gå opp ei trapp for å koma inn i heisen, seier styreleiar Edel Rosenberg i Storhagen burettslag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Også dette prosjektet har mottatt støtte frå Husbanken. 3.3 millionar kroner i tilskott, medan dei resterande kostnadane på 11 millionar er lånt til om lag 2 prosent årleg rente.

Byggeperioden har vore prega av mykje støy og byggearbeid i oppgangane, men nå ser dei som bur her at det har gitt resultat.

– Det er at alle me bebuarar kan bu i vår eigen heim, utan at me må flytta ut når alderdommen kjem, seier styreleiar Edel Rosenberg.

Eitt år til i trapper

Åse Haga (92) ser fram til å få hjelp av ein heis til å løfte opp matvarene til leilegheita i tredje etasje. Men ennå meir ser ho fram til at ho truleg kan bli buande fleire år ekstra i lågblokka.

– Eg trur ikkje eg hadde trivst på ein sjukeheim. Der sit dei ofte heilt åleine og stirrar ut i lufta. Det er nok ikkje noko for meg, slår ho fast.