Hopp til innhold

Spedbarn lettare skadd i brann

Eit hus vart totalskadd i ein brann på Hauge i Haugesund i natt. Eit par og deira barn budde i huset. Dei kom seg ut, men spedbarnet har fått lettare skadar.

Brann på Hauge

Eit hus på Hauge i Haugesund fekk store skadar i ein brann i natt.

Foto: Jan Kåre Ness

Politiet fekk melding om brannen kl. 04:18. Det var ein av bebuarane i huset som ringde inn og melde i frå om brannen.

– Tre personar, eit par og eit spedbarn, budde i huset. Men dei kom seg alle ut, fortel operasjonsleiar Jan Geir Hessen.

Dei vart sende til sjukehus for sjekk.

– Spedbarnet vart lagt inn på sjukehus med lettare skader, men blir høgst sannsynleg utskriven i dag, seier kommunikasjonssjef ved Haugesund sjukehus, Margrethe Langebro.

Då brannmanskaper kom til staden i natt var det full fyr i huset, og dei vurderte det slik at det var fare for at brannen kunne spreie seg.

– Me valde difor å evakuere dei som budde i husa som låg nærmast, det var snakk om rundt 3–4 hus, seier Hessen.

Brannen er no under kontroll, og naboane har fått lov til å flytte heim att.

Huset har blitt totalskadd i brannen.

Skal etterforske brannårsak

Brannvesenet er no i ferd med å avslutte ettersløkkingsarbeidet.

Brannårsaka er førebels ikkje kjend, og politiet vil no starte etterforsking.

– Me har etablert vakthald på staden, fordi dette no er ein åstad som skal undersøkast, fortel operasjonsleiar Trond Friberg.

Brann på Hauge

Huset fekk store skadar i brannen. Politiet skal no etterforske brannårsak.

Foto: Jan Kåre Ness