Hopp til innhold

Samla inn pengar til flyktningehjelp

Hundrevis av folk samla seg i Byparken i Stavanger søndag ettermiddag for å visa støtte til dei som er råka av krigen i Syria.

Syria - pengeinnsamling

INNSAMLING: Helga Frost Pihl og Bo Haga-Fadnes gir pengar til Røde kors sin innsamling for syriaflyktingane i Byparken i Stavanger søndag ettermiddag.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg blir heilt rørt, stolt og glad. Det er heilt fantastisk, eg hadde aldri turt å håpa at så mange skulle komma. Eg har grine allereie, det er heilt fantastisk, fortel initiativtakar Linda Krüger.

– Sint og full av sorg og makteslause

Det var fullt med folk i Byparken i Stavanger søndag ettermiddag. 1800 hadde meldt sin ankomst på Facebook. Det var nok ikkje fullt så mange der, men oppmøtet var likevel meir enn godt nok for initiativtakaren.

Linda Susanne Krüger

RØRT: Initiativtakar Linda Susanne Krüger.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dette fortel at det er mange som bryr seg, og at me ikkje orkar å sjå meir utan at me vil gjera noko. Ein blir så sint og full av sorg og makteslause, så eg trur folk må visa at dei bryr seg, seier Krüger.

Det var appellar ved Muhamad Jaman frå Syria, domprost Anne Lise Ådnøy, Amnesty og Røde Kors. Det var musikkinnslag med Thomas Dybdahl, Lady Luck og Aina Schøld saman med Evy Johannsesen, Merete Økland Espedal og pianist Magnus Fjelde.

Syriamarkering

BRA OPPMØTE: Det var mange som møtte opp i Byparken for å visa støtte.

Foto: Erik Waage / NRK

Leggja press på politikarane

– Eg har blitt kontakta av fleire som spør om korleis me skal halda fram med å jobba for dette. Det må me jo berre gjera. Når flyktningane kjem, så må me mobilisera. Det fellesskapet me har må halda fram. Me må pressa politikarane våre og politikarane sentralt.

Ein av dei som møtte opp var Monica Lilleland.

– Eg vil visa mi støtte mot det forferdelege som skjer i Syria. Eg kjem til å gje pengar, følga med på støttegruppene og sjå om det er noko eg kan bidra med. Dette tek verkeleg på for kjenslene, det er grufullt, seier ho.