NRK Meny
Normal

– Ingen vert sjuke under hummarfisket

Mykje tyder på at hummarfisket påverkar folkehelsa. Slik er det i alle fall i den vesle øykommunen Kvitsøy i Rogaland.

Hummer

Denne krabaten påverkar folkehelsa i Kvitsøy kommune

Foto: Skjærgårdstjenesten

– Eg trudde det berre var noko dei sa, men nå har eg fått stadfesta det frå legekontoret. År etter år viser det seg at talet på dei som går til legen, går ned dei to første vekene i oktober, seier ordførar på Kvitsøy, Mirjam Ydstebø.

Mirjam Ydstebø

Mirjam Ydstebø er ordførar i Kvitsøy kommune, og er opptatt av folkehelsa.

Foto: Kristelig Folkeparti

Ordføraren som står fram som sanningsvitne for at folkehelsa i kommunen og hummarfisket har noko med kvarandre å gjera. Det viser seg nemleg at pågangen på legekontoret går ned når hummarfiske-sesongen byrjar.

«Alle» skal på hummarfiske

Kvitsøy er den minste kommunane i landet, målt etter kvadratkilometer. Den ligg ytterst i Boknafjorden, mellom Nord-Jæren og Haugalandet, og har snautt 550 innbyggjarar.

Men øykommunen har alltid hatt eit godt hummarfiske og borna blir tidleg med familie og vener på å setje ut og trekkje opp hummarteiner.

– Når det er mykje dårleg ver og sterk vind, slik det har vore dette året, så er det ein del rastlause folk her. Spesielt mannfolka merkar det når dei ikkje kan koma seg på sjøen etter hummaren, seier Ydstebø.

Roy Steffensen med selvfanget hummer

Kvitsøybuen er raske med å få teinene i sjøen den 1. oktober. Her er det FrP sin stortingsrepresentant Roy Steffensen, som viser fram fangsten.

Foto: Privat

Har ikkje tid til sjukdom

Hummarfiskesesongen er berre på to månader i Sør-Norge frå Sogn og Fjordane til svenskegrensa. Den byrjar 1. oktober og varer ut november månad.

Når det gjeld innbyggjarane i Kvitsøy så blir dei enten friskare av hummarfisket, eller så er det også ei anna mogeleg forklaring, at dei ikkje har tid til å tenkje på sjukdom.

Ordførar Mirjam Ydstebø ser for seg at det dårlege veret i starten på årets hummarsesong kan avsløra kva det er som er viktigaste årsaka.

– Tidlegare har det vore færre folk på legekontoret tidleg i oktober. Det er det ingen tvil om. Men kanskje me skal be dei ta ein ny statistikk dette året, når veret er då dårleg som nå, seier ho.