Laurdag 5. januar i år døydde tolv år gamle Olav Hovda frå Klepp. Han hadde kvelden før blitt påkøyrd då han var ute og gjekk på rulleski saman med far sin. Bilen som trefte Olav, køyrde vidare utan å stoppa.
Fire dagar etter ulukka tok politiet eit ektepar, som dei sikta for å stå bak påkøyrselen, begge i 40 åra og busett på Klepp. Kvinna har tilstått at ho køyrde bilen åleine og ho erkjenner straffskuld.
- Les òg:
- Les òg:
I dag kan politiadvokat i Rogaland politidistrikt, Ann-Bjørg Ingebrigtsen, stadfesta at ho har sendt ifrå seg politiet si innstillinga. Det gjorde ho i slutten av november.
Statsadvokat, Harald L. Grønlien, seier at dei ventar ein tiltale skal vera klar i løpet av veka.