NRK Meny

Hoppa i Smedasundet

Ein mann er teken hand om av helsepersonell etter at han kledde seg naken og hoppa i Smedasundet frå toppen av Scandic Maritim i Haugesund måndag ettermiddag, melder Haugesunds Avis.

Mannen som er i starten av 40-åra blei tidlegare same dag lauslaten av politiet etter at han blei pågripen for diverse tjuveri natt til måndag, då han også gjekk til åtak på ein butikkmedarbeidar og slo henne i bakken.