Det er politikarane i kommunalstyret for oppvekst som har bede om notatet og leiar John Peter Hernes frå Høgre vedgår at han fekk eit anna svar enn han hadde venta.
- Det er overraskande å sjå kor langt lovverket går i å detaljert regulera avvik frå den normale arbeidsmiljølova og rettigheiter som ansatte har, seier han.
Organisasjonen er i sin fulle rett
Misjonssambandet har nyleg innført eit verdidokument som fekk foreldre i Lasse liten barnehage i Stavanger til å reagere. Dokumentet utelukkar homofile, muslimar og sambuande. Men oppvekstdirektøren i Stavanger slår fast at organisasjonen er i sin fulle rett. Både arbeidsmiljølova og barnehagelova gir rett til å stille krav til livssyn.
Fleire politikarar har foreslått å trekke tilbake den kommunale støtten, men Hernes utelukkar no det.
- Dette er eit tilbod til barn, og me ynskjer å gje klar melding om at me vil støtta opp om foreldra - at dei skal ha påverknad på opplegget og den måten barnehagen vart drive på, seier Hernes.
Faglege kvalifikasjonar skal vege tyngst
Foreldrearbeidsutvalet i Lasse liten barnehage i Stavanger har reagert sterkt, blant anna på at synet i verdispørsmål kan vege tyngre enn faglege kvalifikasjonar ved tilsettingar. Der vil kommunen ikkje fire.
- Me kjem til å stilla krav til at barnehagen, når dei skal ansette nye folk, må finna kvalifisert personell. Og at ein ikkje får dispensasjon hvis ein f.eks. tilset folk basert på tru utan at den som vert tilsett ikkje har dei faglege kvalifikasjonar som trengs, seier Hernes.