Hopp til innhold

– Dette er utruleg gøy

Tommy Høiland sette spikaren i kista for Molde med eit ekte krigarmål i cupfinalen. Sjå målet og intervju med brynebuen her!

Tommy Høiland skåra Molde sitt fjerde mål i 4-2 sigeren over Rosenborg i dagens cupfinale. Han vann dermed sin første tittel som seniorspelar.

VIDEO: Her er ein glad Tommy Høiland etter cuptriumfen.

24 år gamle Tommy Høiland har allereie rokke å spela for både Bryne, Viking og Sandnes Ulf, men det var først i dag 24-åringen skulle oppleva høgdepunktet i karrieren si, og det som Molde-spelar.

Med fire minutt igjen av cupfinalen mot Rosenborg kom han utpå for Fredrik Guldbrandsen. Deretter brukte han berre fire minutt på å legga på til 4–2 for Molde.

Målet var eit ekte krigarmål der Høiland først blir felt, men deretter reiser seg, vinn ballen tilbake og puttar den trygt inn i boksen.

– Eg kjem inn på 3–2 og har berre sjarmøretappen igjen. Att eg klarer å setja eit mål er utruleg gøy, seier Høiland like etter kampen til NRK.

Sjå målet her:

Tommy Høiland avgjorde cupfinalen rett før kampslutt. Molde vant finalen 4-2 over Rosenborg.

Her sett Tommy Høiland spikaren i kista for Molde.

Meiner Molde tar «The double» neste år

Høiland fortel at han tidlegare har vore med på cupfinale på juniornivå, men at det den gong blei tap.

– Det er kjekt å endeleg vinna noko, seier Høiland.

Og neste år satsar han på fleire pokalar.

– Nå har Molde vunne serien to år på rad og i år vinn me cupen. Neste år tar med oss begge, seier han bestemt.

Høiland kom til Molde frå Sandnes Ulf midtvegs i denne sesongen, og sjølv om Sandnes mista ein av sine beste spelarar gratulerer dei han i dag på Twitter:

«Vi kom oss ikke til cupfinalen i år, men det gjorde Tommy Høiland. Selvsagt kriget han inn et typisk Tommy-mål ...»

Glad for at Hoseth avgjorde

Det var Magne Hoseth som sende Molde i leiinga før målet til Høiland. Dermed gjekk draumen hans om å avgjera cupfinalen for sin kreftsjuke sambuar, Monica Eide Møster, i oppfylling.

Fortent meiner Høiland.

– Er det ein person som har fortent dette så er det Magne. Han har stått på både på og utanfor banen i år. Han er ein fantastisk person som fortener det.