Den eine, ein trettiåtte år gamal mann frå Algerie, har fått varig nedsett arbeidsevne etter at han vart stukke åtte gangar med ein kniv i ryggen, nakken og hovudet.
Han krev inntil to millionar kroner i erstatning seier bistandsadvokat Arnhild Skretting Jøsendal.
Også ein mann frå Eritrea vart knivstukke og hans bistandsadvokat, Geir Jøsendal, seier at dei i prosedyren vil hevda at knivstikkinga var rasistisk motivert og at den eine afrikanaren vart utsett for drapsforsøk.